Eleanor Anne Ormerod

Eleanor Anne Ormerod (11. mai 182819. juli 1901) var ein nyvinnande engelsk entomolog eller insektforskar. Studiane hennar kring jordbruk gav grunnlaget for jordbruksentomologi. Ormerod gav ut ei rekkje viktige artiklar om nyttige insekt og skadedyr i Gardeners' Chronicle og Agricultural Gazette i lag med årlege rapportar frå 1877 til 1900. Desse rapportane blei laga med data frå eit nettverk av korrespondentar ho hadde gjennom heile Storbritannia. Ormerod kom frå landeigarklassa, og arbeidde som æreskonsulent med Royal Agricultural Society of England utan å få noko betaling for arbeidet. Ho støtta bruken av parisargrønt (Paris green) som insektmiddel, og meinte at gråsporven burde utryddast.

Eleanor Anne Ormerod

Fødd11. mai 1828
Sedbury
Død19. juli 1901
St. Albans
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdeentomologi
Yrkelepidopterolog, botanikar, redaktør
InstitusjonarRoyal Agricultural University
Alma materUniversity of Edinburgh
Royal Agricultural University

Liv endre

Eleanor var dotter av Sarah og George Ormerod, F.R.S., forfattaren av The History of Cheshire. Ho var fødd i Sedbury Park i Gloucestershire. Frå ho var lita var ho interessert i insekt, og hadde høve til å studera dei på den store eigedommen der ho voks opp.[1] Medan brørne hennar blei sende til Rugby School, der dei hadde Thomas Arnold som lærar, blei ho undervist heime av mora. Ho hadde ei interesse for insekt som blei meir seriøs 12. mars 1852, då eit uvanleg insekt førte henne til Stephens Manual of British beetles. Ho fekk tak i eit Pillischer-mikroskop rundt 1863 og byrja nøyare granskingar. Ho studerte også jordbruk generelt, og blei ein lokal kjennar. Då Royal Horticultural Society byrja å laga ei samling av insekt som var skadedyr på gardar i 1868, bidrog Ormerod mykje, og blei tildelt Flora-medaljen til selskapet.[2][1]

I 1877 gav ho ut ein pamflett, Notes for Observations on Injurious Insects. Dette var eit spørreskjema som blei sendt til interesserte personar, som igjen sende inn resultata av undersøkingane sine. Dette resulterte i serien Annual Series of Reports on Injurious Insects and Farm Pests. Ho blei vald inn i Entomological Society of London i 1878. I 1881 gav Ormerod ut ein spesiell rapport om lita kålfluge (Delia radicum), og i 1882 blei ho utnemnd til rådgjevande entomolog for Royal Agricultural Society, ei stilling ho hadde til 1892. I fleire år førelas ho om entomologi ved Royal Agricultural College i Cirencester.[3][1]

Ryet hennar var ikkje avgrensa til England; ho mottok sølv- og gullmedaljar frå Statsuniversitetet i Moskva for modellane sine av insekt som kunne skada plantar, medan avhandlinga hennar The Injurious Insects of South Africa viser spennet av interessene hennar. I 1899 fekk ho ein sølvmedalje frå Société nationale d'acclimatation de France.[1]

Blant andre verk var Cobden Journals, Manual of Injurious Insects og Handbook of Insects injurious to Orchard and Bush Fruits. Nesten den siste æra som fall henne var æresgraden LL.D. frå Edinburgh University i mars 1900, som ho fekk som den første kvinna.[4]

Ormerod var den første kvinna som blei heidra med medlemskap i Meteorological Society (1878). Interessa hennar for meteorologi var kanskje inspirert av broren George Wareing Ormerod, som var involvert i å setja opp eit meteorologisk observatorium i Teignmouth. Han blei stipendiat i 1874. Eleanor samla og gav ut ein privat vêrjournal frå ei frøken Caroline Molesworth frå Cobham i Surrey i 1880 som The Cobham Journals. Denne inneheldt notat frå 1825 til 1850 om vêr og planteliv.[5]

Saman med W.B. Tegetmeier føreslo ho at ein burde utrydda gråsporv i 1897. Ho blei motarbeidd, mest vokalt av Edith Carrington, som også var involvert i proteksjonistiske og antiviviseksjonistiske rørsler. Carrington hevda at naturen var kompleks og at handlingar ville få konsekvensar, og uttalte at 'det er umogleg å gjera berre ein ting'. Ein pastor J.E. Walker skreiv og bad henne om ikkje å 'ståla' sitt 'medfølande, kvinnelege hjarte' med dei vitskaplege studiane sine, men heller oppfylla plikta si som kvinne gjennom filantropisk arbeid.[3]

Ho var ei sterk talskvinne for å introdusera insektmiddelet Paris Green til Storbritannia frå Nord-Amerika. Dette er eit arsen-avleidd stoff som drep dei fleste insekt, inkludert pollinatorar og predatorar, noko som deretter gir frie tøymer til skadedyr, og skaper ein negativ syklus av avhengnad av kjemiske insektmiddel. Stoffet blei seinare identifisert som eit farleg produkt.[6]

Då faren døydde, flytta ho og systrene til Torquay, der onkelen Dr Mere Latham budde. Etter tre år flytta ho til Spring Grove i Isleworth for å vera i nærleiken av Kew Gardens, der ho hadde nære venner i Sir Joseph og Lady Hooker, regissøren til hagen. I 1887 flytta ho inn i Torrington House på 47 Holywell Hill i St Albans i Hertfordshire med systera Georgiana Elizabeth Ormerod, som var vitskapsillustratør. Her døydde ho 19. juli 1901 etter ein nyresjukdom.[7] Ho er minna med ein plakett på bygningen. Ho blei gravlagd same stad som Georgiana i Hatfield Road Cemetery i St Albans.[8]

Utgjevingar i utval endre

  • Report of observations of attack of turnip fly in 1881 (1882)
  • Manual of injurious insects with methods of prevention and remedy for their attacks to food crops, forest trees and fruit: to which is appended a short introduction to entomology (1890)
  • Paris-green (or Emerald-green): its uses, and methods for its application, as a means of destruction of orchard moth caterpillars (1891)
  • Handbook of insects injurious to orchards and bush fruits with means of prevention and remedy (1898)
  • Flies injurious to stock : being life-histories and means of prevention of a few kinds commonly injurious, with special observations on ox warble or bot fly (1900)
  • Sjølvbiografuen Eleanor Ormerod, Ll. D., economic entomologist : autobiography and correspondence (1904)[9]

Heider og omtale endre

Virginia Woolf skreiv forteljinga Miss Ormerod i 1924, som bygde på livet hennar.[3] Eit portrett av Eleanor Ormerod heng ved foten av hovudtrappa søraust i Old College ved University of Edinburgh, der ho er æra som den fyrste kvinna med æresgrad frå Edinburgh. I 2017 kalla University of Edinburgh opp cloud computing-tenesta for forskinga si 'Eleanor' etter henne.[10][11]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Chisholm 1911.
  2. Ormerod, Eleanor (1904). Wallace, Robert, red. Eleanor Ormerod, Ll. D., economic entomologist : autobiography and correspondence. New York: E. P. Dutton and Company. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Clark, J. F. McDiarmid (1992). «Eleanor Ormerod (1828-1901) as an Economic Entomologist: 'Pioneer of Purity Even More than of Paris Green'». The British Journal for the History of Science 25 (4): 431–452. JSTOR 4027048. doi:10.1017/S0007087400029599. 
  4. «University intelligence». The Times (36080) (London). 3. mars 1900. p. 8. 
  5. Wood, Mick (November 1999). «Meteorologist's profile - Eleanor Anne Ormerod». Weather 54 (11): 365–369. Bibcode:1999Wthr...54..365W. doi:10.1002/j.1477-8696.1999.tb05536.x. 
  6. Latty, Tanya. «Hidden women of history: Eleanor Anne Ormerod, the self taught agricultural entomologist who tasted a live newt». The Conversation (på engelsk). Henta 16. august 2019. 
  7. K., W. F. (1 August 1901). «Miss Eleanor A. Ormerod.». Nature 64 (1657): 330. doi:10.1038/064330a0. 
  8. «Eleanor Anne Ormerod (1828-1901) - Find A Grave...», www.findagrave.com (på engelsk), henta 30. januar 2022 
  9. Ormerod, Eleanor A. (Eleanor Anne); Wallace, Robert (1904). Eleanor Ormerod, Ll. D., economic entomologist : autobiography and correspondence. University of California Libraries. New York : Dutton. 
  10. «New Research Cloud Service named for Eleanor Ormerod | The University of Edinburgh». www.ed.ac.uk. Arkivert frå originalen 7. oktober 2017. Henta 19 June 2017. 
  11. «a cloud named eleanor – Melissa Highton». thinking.is.ed.ac.uk. Henta 19. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Eleanor Anne Ormerod ved Wikisource.