Edward H. Johnson
Edward Hibberd Johnson (4. januar 1846–9. september 1917)[1] var ein USA-amerikansk oppfinnar og forretningsmann som arbeidde med Thomas Alva Edison. Johnson tok del i fleire av prosjekta til Edison, og var partner i Edison Electric Lamp Company, ei verksemd som var forløparen til det fleirnasjonale selskapet General Electric. Johnson var den første ein kjenner til som pynta eit juletre med elektrisk lys, i 1882.
Edward H. Johnson | |
Fødd | 4. januar 1846 Chester County |
Død |
9. september 1917 (71 år) |
Yrke | oppfinnar |
Liv og virke
endreYrkesliv
endreSom 21-åring var Edward H. Johnson assistent for William Jackson Palmer, ein tidlegare nordstatsgeneral som var konstruksjonsformann for Kansas Pacific Railroad. Dei to drog vestover frå heimbyen Philadelphia i 1867 for å kartleggja ruter gjennom New Mexico og Arizona til stillehavskysten. Under leiinga til Palmer blei jernbanen forleng frå Kansas City i Missouri til Denver i Colorado, som han nådde i august 1870.
I 1871 blei Edward H. Johnson send tilbake aust for å leia Automatic Telegraph Company. Han hyra mellom anna den 24-årige Thomas A. Edison, som snart viste seg å vera ein uvanleg person. Johnson skreiv seinare om han:
- He ate at this desk and slept in a chair. In six weeks he had gone through the books, written a volume of abstracts, and made two thousand experiments ... and produced a solution.
Edison fekk etterkvart ei stilling som fulltidsoppfinnar og skipa ein «oppfinningsfabrikk» i Menlo Park i New Jersey. Johnson blei Edison sin trudde sjef etterkvart som oppfinningane og forretningane hans utvikla seg frå 1870-talet.
Johnson stod også bak hyringa av Frank J. Sprague, ein marineoffiser han møtte på ei elektrisitetsmesse, i 1883. Sprague blei ein framifrå elektrisk oppfinnar som stod bak utviklinga av elektrisk jernbane og heisar, viktige element i veksten av amerikanske byar på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet.
Partner i Edison-selskap
endreEdward H. Johnson var partner i Edison Electric Lamp Company, som blei skipa tidleg i 1881. Andre partnerar var Thomas Edison, Charles Batchelor og Francis Upton. I mai 1881 endra selskapet namn til Edison Lamp Company. Eit år seinare flytta det fabrikken sin frå Menlo Park til East Newark i Harrison i New Jersey. Partnerskapet blei eit aksjeselskap i 1884. Det fusjonerte med fleire andre Edison-selskap i 1889, som blei Edison General Electric Company. Same året kjøpte det Sprague Electric Railway & Motor Company. 15. april 1892, fusjonerte det med Thomson-Houston Electric Company og blei til General Electric Company, som etterkvart blei til eit av dei største Fortune 500-selskapa i USA.
Juletrelys
endreSom direktør i Edison Electric Light Company i 1882 var Johnson den første ein kjenner til som pynta eit juletre med elektrisk lys. Treet stod i heimen hans i New York, og roterte i tillegg til å vera opplyst med raude, kvite og blå lys. Juletebelysinga blei omtalt i Detroit Post and Tribune:[2]
- Last evening I walked over beyond Fifth Avenue and called at the residence of Edward H. Johnson, vice-president of Edison's electric company. There, at the rear of the beautiful parlors, was a large Christmas tree, presenting a most picturesque and uncanny aspect. It was brilliantly lighted with many colored globes about as large as an English walnut and was turning some six times a minute on a little pine box. There were eighty lights in all encased in these dainty glass eggs, and about equally divided between white, red and blue. As the tree turned, the colors alternated, all the lamps going out and being relit at every revolution. The result was a continuous twinkling of dancing colors, red, white and blue, all evening.
- I need not tell you that the scintillating evergreen was a pretty sight - one can hardly imagine anything prettier. The ceiling was crossed obliquely with two wires on which hung 28 more of the tiny lights; and all the lights and the fantastic tree itself with its starry fruit were kept going by the slight electric current brought from the main office on a filmy wire. The tree was kept revolving by a little hidden crank below the floor which was turned by electricity. It was a superb exhibition.
To år seinare rapporterte New York Times om eit nytt tre med 120 lys. Opplysinga skifta fargar i eit system Johnson hadde teke patent på:[3]
- It stood about six feet high, in an upper room, last evening, and dazzled persons entering the room. There were 120 lights on the tree, with globes of different colors, while the light tinsel work and usual adornment of Christmas trees appeared to their best advantage in illuminating the tree. Mr. Johnson had placed a little Edison dynamo at the foot of the tree, which, by passing a current through from the large dynamo in the cellar of the house, converted it into a motor. By means of this motor the tree was made to revolve with a steady, regular motion. The lights were divided into six sets, one set of which was lighted at a time in front as the tree went round. By a simple devise of breaking and making connection through copper bands around the tree with corresponding buttons, the sets of lights were turned out and on at regular intervals as the tree turned around. The first combination was of pure white light, then, as the revolving tree severed the connection of the current that supplied it and made connection with a second set, red and white lights appeared. Then came yellow and white and other colors. Even combinations of the colors were made. By dividing the current from the large dynamo, Mr. Johnson could stop the motion of the tree without putting out the lights.
Interessa for elektrisk opplysing av juletre voks raskt blant velståande folk i USA og andre stader. I 1895 hadde president Grover Cleveland det første elektrisk opplyste juletreet i Det kvite huset. Det var eit stort tre med over hundre lys i ulike fargar. Dei første kommersielt laga elektriske juletrelysa blei laga av Edison General Electric Company og reklamert for i desember 1901 i Ladies' Home Journal. Lysa bestod av ein streng med ni plassar for glødelampar med ein lysstyrke på to candela.[4]
Kjelder
endre- ↑ January 4 - Today in Science History
- ↑ «The First Electric Christmas Tree Lights», Detroit Post and Tribune, 1882
- ↑ «A BRILLIANT CHRISTMAS TREE.», Detroit Post and Tribune, 1884
- ↑ TODAY IN SCIENCE HISTORY™, henta 16. de
- Denne artikkelen bygger på «Edward Hibberd Johnson» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2016.