Edward Salisbury Dana

amerikansk fysikar

Edward Salisbury Dana (16. november 184916. juni 1935) var ein amerikansk mineralog og fysikar. Han gjorde viktige bidrag til studiet av mineral, særleg innan krystallografi. Han var son av James Dwight Dana.

Edward Salisbury Dana
Edward Salisbury Dana.jpg
Edward Salisbury Dana
Fødd16. november 1849
New Haven
Død16. juni 1935 (85 år)
New Haven
Nasjonalitetamerikansk
Områdemineralogi, fysikk
Yrkefysikar, universitetslærar, geolog, mineralog
InstitusjonarYale University
Alma materYale College
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences

Dana var professor ved Yale University. I 1892 utgav han sjette opplag av faren sitt Systems of Mineralogy, som han sidan heldt à jour ved appendiks. Sjuande opplag, heilt omskrive og sterkt utvida ved C. Palache, H. Berman og C. Frondel, er utgjeve i tre bind (silikat-bindet manglar), og er eit anerkjent standardverk i mineralogi. Dana utgav òg A Textbook of Mineralogy (1877, ny utgåve 1898) og Minerals and How to Study Them (1895); begge er framleis i bruk i sterkt reviderte utgåver.

KjelderEndra