Opna hovudmenyen

Edward Sarul (fødd 16. november 1958) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i kulestøyt. Han vart verdsmeister i øvinga i 1983 då han i Helsingfors vart målt til 21,39 meter.

Edward Sarul
Statsborgarskap Polen
Fødd 16. november 1958
Nowy Kościół
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Sarul kom på ellevteplass med 19,19 m i kuletevlinga ved europameisterskapen 1982. Den 31. juli 1983 overraska han stort ved å sette polsk rekord i kulestøyt med 21,68 m, ein landsrekord som stod i 26 år. Nøyaktig ei veke etter han sette den polske rekorden landa kula hans på 21,39 meter i finalen under den aller fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, VM i friidrett 1983 i Helsingfors. Dermed slo han den kanskje største favoritten, Ulf Timmermann frå Aust-Tyskland, med 23 centimeter og vann gullmedaljen i øvinga.

Sarul vart polsk meister i kulestøyt i 1979 og 1980, samt 1982 og 1983.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • EM 1982 i Aten: Nr 11 – 19,19 m
  • VM 1983 i Helsingfors: Gullmedalje – 21,39 m, framom Ulf Timmermann (21,16 m)

KjelderEndra