Kulestøyt (ofte berre «kule») er ein av dei fire tradisjonelle kastdisiplinane innen friidrett: Kulestøyt, diskoskast, spydkast og sleggjekast. Målet med øvinga er å «støyte» ei tung metallkule så langt som mogleg, med berre ei hand. Utøvaren som støyter kule vert kalla ein «kulestøytar» eller ein «kastar».

Den tsjekkoslovakiske kulestøytaren Jaroslav Plíhal i 1957.

Kula som nyttast har ei vekt på 7,26 kg for menn og 4 kg for kvinner.[1]

Kulestøyt har vore ei olympisk øving for menn frå dei første moderne leikane i 1896 og for kvinner frå 1948 under Sommar-OL 1948.[1] Kule er òg ein del av mangekamp; tikamp for menn og sjukamp for kvinner.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Shot Put» (på engelsk). World Athletics. Henta 8. april 2023.