Edward Stevenson
Edward Stevenson er ein bonde frå Nord-Irland. Han har vore stormeister (leiar) for Orangeordenen i Irland (The Grand Orange lodge of Ireland) sidan januar 2011.[1][2]
Edward Stevenson | |||
Stormeister for Orangeordenen i Irland | |||
Periode | 2011- | ||
---|---|---|---|
Medlem | Orangeordenen | ||
Føregangar | Robert Saulters |
Personleg
endreStevenson er frå Ardstraw i grevskapet Tyrone. Han er gift og har tre ungar.[3]
Orangeordenen
endreStevenson vart med i Orangeordenen i 1974, og vart etterkvart stormeister for ordenen i grevskapet og visestormeister i Grand Orange Lodge of Ireland. I 2011 vart han stormeister for ordenen i Irland. Då han tok over som stormeister klårgjorde han at han ville halda fast med to prinsipp for Orangeordenen a) Å ikkje ha kontakt/dialog med Sinn Féin/republikanarar og b) Å ikkje ha kontakt/dialog med lokale innbyggjargrupper som protesterer mot ruter for Orangemarsjar.
Kjelder
endre- ↑ «Orange Order grand master Edward Stevenson re-elected». The Belfast Telegraph. 19. juli 2019. Henta 13. juli 2014.
- ↑ «Orange order elect Edward Stevenson as grand master». BBC News. BBC. 5. januar 2011. Henta 13. juli 2014.
- ↑ «New Orange leader in parades pledge». Belfast Telegraph. 5. januar 2011. Henta 19. juli 2019.