County Tyrone
County Tyrone[a] er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.
Tyrone | |||
Tír Eoghain | |||
county | |||
|
|||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Provins | Ulster | ||
Del av | Nord-Irland | ||
Hovudstad | Omagh | ||
Areal | 3 155 km² | ||
Folketal | 177 986 (2011) | ||
County Tyrone 54°37′N 7°10′W / 54.61°N 7.16°W | |||
Kart som viser County Tyrone.
| |||
Wikimedia Commons: County Tyrone |
County Tyrone grensar til Fermanagh i sørvest, Londonderry i nordaust, Armagh i søraust. I aust ligg Lough Neagh. Av grevskap i Republikken Irland grensar Tyrone til Donegal i nordvest og Monaghan i sør.
Tidlegare var grevskapet større, og inkluderte den delen County Londonderry som ligg aust for elva Foyle.
Det er det største av dei seks grevskapa i Nord-Irland. Etter endringane i lokalstyreordninga har ikkje grevskapet lenger noko administrativ funksjon. Tyrone er delt i fire distrikt: Cookstown, Dungannon, Omagh og Strabane. I tillegg er ein mindre del av grevskapet inkludert i distriktet Fermanagh.
Byar og landsbyar
endreDen tradisjonelle administrasjonsbyen i Tyrone er Omagh. Andre store byar er Strabane, Dungannon og Cookstown. Av mindre byar finn ein Fivemiletown, Castlederg, Coalisland, Donaghmore, Ardboe, Pomeroy og Carrickmore.
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ «Tír Eoghain». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 30. november 2024.
- Denne artikkelen bygger på «County Tyrone» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.