Eesti Reformierakond

Eesti Reformierakond (Det estiske reformpartiet) er eit liberalt politisk parti i Estland. Parti har vore medlem av Den liberale internasjonale sidan 1996 og er òg medlem av Det europeiske liberaldemokratiske og reformpartiet. Ved parlamentsvalet i 2007 vart partiet det største, med 27,8 % av røystene og 31 representantar i nasjonalforsamlinga (Riigikogu), av 101. Partileiaran, Andrus Ansip, har vore statsminister i Estland sidan 2005. Han regjerer i koalisjon med det konservative partiet Isamaa ja Res Publica Liit og det sosialdemokratiske Sotsiaaldemokraatlik Erakond.

Eesti Reformierakond

LandEstland
Partileiar(ar)Kaja Kallas
GrunnleggjararSiim Kallas
Grunnlagt18. november 1994
Medlemstal10 409 (10. august 2023)[1]
Ideologiklassisk liberalisme, konservativ liberalisme, proeuropeisk Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-høgre

Partiet vart stifta i 1994 og har teke del i dei fleste koalisjonsregjeringane i Estland sidan då. Det har soleis hatt stor innverknad på politikken i landet. Partiet har mellom anna fått innført flat inntektsskatt. Det er inspirert av den liberalistiske økonomiske tenkjinga til økonomar som Friedrich von Hayek og Milton Friedman. Partiet går inn for eit generelt lågt skattenivå. Det vil òg avskaffa verneplikta i Estland.

Oppslutning ved parlamentsval 1995-2011 endre

Årstal Mandat Røyster
2011 33 28,6 %
2007 31 27,8 %
2003 19 17,7 %
1999 18 15,9 %
1995 19 16,2 %

Litteratur endre

  • Elisabeth Bakke (red): Sentral-Europa og Baltikum etter 1989 (2. utg.), Samlaget, 2006, 280 s. ISBN 82-521-6786-1.

Kjelder endre

  1. «Eesti Reformierakond». Henta 10. august 2023. 

Bakgrunnsstoff endre