Efim Bogoljubow

(Omdirigert frå Efim Bogoljubov)
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.

Efim Bogoljubow [a] (14. april 188918. juni 1952) var ein framståande sjakkspelar og stormeister i sjakk frå Ukraina, som også budde i Sovjetunionen og frå 1926 i Tyskland og etter den andre verdskrigen i Vest-Tyskland.

Efim Bogoljubow
Efim Bogoljubov.jpg
Fødd 14. april 1889
Stanislavchyk
Død

18. juni 1952 (63 år)
Triberg im Schwarzwald

Yrke sjakkspelar, sjakkomponist
Efim Bogoljubow på Commons
Efim Bogoljubow

SjakkarriereEndra

 
Grava til Efim Bogoljubow i Triberg.

I 1911 delte han 1-2. plass i Kiev-meisterskapen og hadde deretter gode resulat i turneringar i Russland og Aust-Europa dei følgjande åra. Han vart dermed invitert til å delta i det tyske sjakkforbundet si 19. kongressturnering i Mannheim i 1914. Midt i turneringa braut den første verdskrigen ut, og turneringa vart stoppa. Bogoljubow låg då på delt 8-9.-plass.[1] Tyskland erklærte krig mot Tsar-Russland, og dei 11 deltakande «russiske» spelarane vart internerte i Tyskland, mellom andre Bogoljubow og Aleksander Alekhine. I september 1914 vart Alekhine og tre andre frigitt og fekk dra til heim via Sveits. Dei andre internerte vart verande i Tyskland under krigen, og spelte mellom anna åtte turneringar. Den første i Baden-Baden i 1914, dei andre i Triberg frå 1914 til 1917. Bogoljubow tok andreplass i den første turneringa, og vann fem av dei sju siste. Bogoljubow budde i Triberg i Schwarzwald under den første verdskrigen, vart gift med ei kvinne derifrå, og budde deretter mesteparten av livet i Tyskland.

Etter krigen vann han mange internasjonale turneringar; Berlin 1919, Stockholm 1919, Stockholm 1920, Kiel 1921, Peštany 1922. Han delte 1-3-plass i Karlsbad 1923.

I 1924 drog Bogoljubow tilbake til det som då hadde blitt Sovjetunionen og vann Sovjetmeisterskapen i sjakk to gongar, i 1924 og 1925.[2] Han vann også i Breslau 1925, og i storturneringa i Moskva 1925, framom verdsmeistrane i sjakk Emanuel Lasker og José Raúl Capablanca.

I 1926 drog han tilbake til Tyskland og vart verande der. Han vann, framom Akiba Rubinstein i Berlin 1926. Boboljubow vann to tvikampar mot Max Euwe, begge med 5,5-4,5 i 1928 og 1928/29 i Nederland.

Bogoljubow spelte tvikampar om Verdsmeisterskapen i sjakk to gongar mot Alexander Alekhine. Han tapte 15,5-9,5 i 1929, og 15,5-10,5 i 1934.

Bogoljubow spelte for Tyskland på første bord i den 4. sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Praha i 1931. Han vann individuell sølvmedalje der, med 9 sigrar, 1 tap og 7 remisar.[3]

På 1930-talet hadde Bolgoljubow mange gode turneringsresultat. Etter at den andre verdskrigen braut ut tapte han ein tvikamp mot Max Euwe i Krefeld i 1941, +2 -5 =3, og spelte uavgjort mot Alekhine i ein minitvikamp i Warszawa i 1943, +1 -1. Bogoljubow spelte også i løpet av krigen fleire turneringar i Tyskland og i dei tyskokkuperte delane av Polen.

Etter andre verdskrigen budde han i Vest-Tyskland, der han heldt fram med å spele sjakk, og vann fleire sterke turneringar.

Verdssjakkforbundet FIDE innføre offisielt tittelen Stormeister i sjakk i 1950, og 27 stormeistrar vart utnemnde. Bogoljubow skulle naturlegvis ha vore blant desse, på grunnlag av sine mange sterke resultat, men Sovjetunionen lét det gå politikk i dette, og klarte å hindre utnemninga i første omgang. I 1951 fekk Bogoljubow likevel tittelen, etter ei avstemming med 13 for og 8 mot, og med 5 som avstod. Jugoslavia støtta tildelinga, men resten av kommunistlanda i Aust-Europa stemte imot.

Sjakkopninga bogo-indisk forsvar, 1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sf3 Lb4+ er kalla opp etter Bogoljubow.

SitatEndra

«Når eg har kvit, vinn eg fordi eg har kvit. Når eg har svart, vinn eg fordi eg er Bogoljubow.»
(«Bogoljubov» betyr «elska av Gud» på ukrainsk.)

MerknadarEndra

  1. Russisk skrift Ефи́м Дми́триевич Боголю́бов, Jefim Dmitrijevitsj Bogoljubov

KjelderEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra