Eg gjekk meg over sjø og land

Eg gjekk meg over sjø og land er ein tradisjonell songleik som er mykje bruka på juletrefestar. Leiken er omtalt i bøkene Danmarks Sanglege frå 1931 og Bernt Støylens Norske barnerim og leikar frå 1899.

Dei som leikar, tar kvarandre i hendene og dannar ring rundt juletreet. Alle syng «Eg gjekk meg over sjø og land, då møtte eg ein gammal mann. Han spurde så, han sagde så: Kor høyrer du vel heime?» Ein forsongar leier svaret, og alle hiv seg med medan dei gjer karakteristiske rørsler: «Eg høyrer heime i klappeland,i klappeland - - og alle dei som klappe kan, dei høyrer heime i klappeland.» Så kan leiken halde fram med trampeland, hoppeland, vinkeland, plystreland og så vidare.

Kjelder:Endra

  • Sverre Mogård-Larsen (1997) Leik- og Sangtradisjon på Helgeland fra 1. halvdel av 1900-tallet ISBN 82-7866-004-2

Bakgrunnsstoff:Endra