Egilssoga
Egilssoga eller Egils saga er ei islandsk ættesoge, eller ei islendingesoge. Andre namn på soga er «Egils saga Skalla-Grímssonar» og «Egla». Hovudpersonen i Egilssoga er hovdingen og skalden Egil Skallagrimson, som levde på 900-talet. Egilssoga fylgjer Egil gjennom livet. I tillegg møter ein ei heil rekke med personar som anten er i slekt med Egil eller som han møter i strid eller venskap. Kring 400 personar er omtala i Egilssoga. Mange av desse er med av di det er viktig kven folk slektar på, eller er i ætt med.
Snorre Sturlason skal om lag år 1230 ha skrive ned Egilssoga. Egilssoga er rekna som ei av dei beste sogene, og er òg ei av dei lengste.
BakgrunnsstoffEndra
- Eldar Heide (2014). “Møte i døra. Tyranni, rett og sjølvbedrag i Egilssoga – og tvitydige situasjonar i islendingsogene”. Gripla. 7-40.
- Egilssoga omsett til nynorsk av Leiv Heggstad (digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket)
- Egils saga Skalla-Grímssonar på norrønt hjå heimskringla.no
- Egilssoga med islandsk, norrøn og engelsk tekst
- Egilssoga på engelsk