Ættesoge

Ættesoge er ei nemning som vert nytta på ei helst skriftleg framstilling der ætt (slekt) er viktig.

Islendingesogene er mange gonger kalla «ættesoger». Islendingesogene inneheld jamt over lange opplistingar av kven som er i slektskap med kvarandre.

Dei norske bygdebøkene vert ofte kalla «gards- og ættesoge». Slike bygdebøker inneheld gjerne ei opplisting av ætter knytt til gardar. Bygdebøker vert ofte gjeve ut knytt til ein noverande eller tidlegare kommune eller eit prestegjeld.