Eginald Schlattner

Eginald Norbert Schlattner (fødd 13. september 1933) er ein rumensktysk prest og forfattar.

Eginald Schlattner

Statsborgarskap Romania
Fødd 13. september 1933 (91 år)
Arad i Romania
Yrke skribent
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Eginald Schlattner på Commons

Schlattner var fødd i Arad i det dåverande Kongedømet Romania og voks opp i Făgăraș ved foten av Karpatane. I 1952 bestod han abitur i Brașov, og studerte deretter protestantisk teologi, matematikk og hydrologi i Cluj. Der tok han initiativ til ein tyskspråkleg litterær krins med over 100 medlemmer. Han skreiv for tyskspråklege aviser og tidsskrift og skreiv to prosaverk (Gediegenes Erz og Odem) som blei tekne opp av det rumenske statsforlaget for litteratur og kunst (Editura de Stat Pentru Literatura și Arta, ESPLA). Etter at han blei arrestert i desember 1957 kunne ikkje tekstane gjevast ut. Schlattner var fengsla i to år av det hemmelege tryggingspolitiet i Romania, Securitate. I løpet av denne tida blei han gjort til vitne for påtalemakta i Kronstadt-forfattersaka mot fleire tyskspråklege forfattarar. I 1959 blei Schlattner dømt for å «unnlata å rapportera høgforræderi». Etter lauslatinga jobba han som lausarbeidar og seinare som ingeniør. I 1973 tok Schlattner opp att dei teologiske studiane sine. Fram til pensjonisttilværet var han pastor i Evangelische Kirche A.B. [Augsburgischen Bekenntnisses] in Rumänien, og var fengselsprest for fangar i rumenske fengsel.[1]

Dei fire romanane han har gjeve ut så langt handlar om livet til dei rumenske tyskarane, særleg dei transylvanske saksarane på 1900-talet, på ein sjølvbiografisk måte. Verka er prega av til tider bisarre omstende og endringar i karakterane. Forteljarfiguren er i alle høve ein gut eller ung transylvansk saksar av borgarleg opphav, der lesaren kan kjenna att trekk ved forfattaren. Verka hans er blitt lovprisa av kritikarar.

Romanar

Andre tekstar

  • Ach Deutschland. Abschied. In: Elisabeth Schweeger, Eberhard Witt (Hrsg.): Ach Deutschland! Belville, München 2000, ISBN 3-933510-67-8, S. 109–117.
  • Odem. Kritische Edition. Herausgegeben von Michaela Nowotnick. Schiller Verlag, Hermannstadt-Bonn 2012, ISBN 978-3-941271-73-9.
  • Mein Nachbar, der König. Verlassene Geschichten. Hrsg. von Michaela Nowotnick. Schiller Verlag, Hermannstadt-Bonn 2012, ISBN 978-3-941271-42-5.
  • A fejvesztett kakas. Koinónia Verlag, Cluj-Napoca 2006, ISBN 978-973-7605-35-1

Kjelder

endre