Egyptisk pund
Egyptisk pund (arabisk جنيه, al-Gunaih al-Maṣrī; egyptisk arabisk gunaih) vert brukt som valuta i Egypt. Valutakoden er EGP og forkortingar for valutaen er LE, £ eller ج.م . 1 pund er lik 100 piaster (qirsh eller irsh) eller 1000 milliemes.
Valutaen vart innført i 1836. Pundsetlar kom i sirulasjon i 1899. Tidlegare var britisk pund vanleg valuta i landet. I dag vert pundet utgjeve av den egyptiske sentralbanken Al-Bank al-Markazī al-Masrī, grunnlagd i 1961.
Valørar
endre- mynt: 1 pound
- underenhet: 5, 10, 20, 25 och 50 piastrar
- setlar: 25 og 50 piastrar; 1, 5, 10, 20, 50 og 100 EGP
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Egyptiskt pund» frå Wikipedia på svensk, den 25. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Centralbanken CBE
- Heiko Otto (red.). «Egyptiske sedler» (på engelsk og tysk). Henta 28. desember 2016.
- Aktuell kurs från Yahoo