Eidøy er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg på vestsida av Trollosen, mellom Eggøy i aust, Tverdarøy i sør, Hanøy i vest og Selbjørnsfjorden i nord. Øya er veglaus og utan fast busetjing.

Eidøy
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Folketal 0  (2023)
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 24

Øya er kring 50 hektar stor. Ho er kring 1,4 km lang og kring 600 meter på det breiaste.

Garden

endre

Garden på øya høyrde til Føyen skipreide i gammal tid, saman med Brandasundsøyane lenger vest. Garden er ikkje særskild gamal og vart truleg skyldsett som eigen gard i 1723.

Namnet på øya har same opphav som naboøya Eggøy, så gardsnamnet vert stundom kalla Vestre Eggøy. Desse namna kjem truleg av at det var mykje sjøfugl som hekka på øyane og la egg her. Det noverande namnet på øya kjem av eit lågt eid som nesten delar øya i to.

Namnet har tidlegare vorte skrive Egøen, og nokre gonger Engøen.

Folketalsutvikling

endre
1801[1] 1900[2] 2000
5 11 0

Kjelder

endre
  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar. 
  1. Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet