Eggøy
øy i Fitjar kommune
Eggøy er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg på vestsida av Nyleia, mellom Siglo i aust, Torsdagsøy i sør, Eidøy i vest og Selbjørnsfjorden i nord. Øya er veglaus og utan fast busetjing.
Eggøy | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Fitjar | ||
Folketal | 0 (2023) | ||
Postnummer | 5419 FITJAR | ||
Gardnummer | 23 | ||
Eggøy 59°55′19″N 5°09′57″E / 59.92205°N 5.16596°E |
Garden
endreGarden på øya vert kalla Austre Eggøy, medan Vestre Eggøy ligg på naboøya Eidøy. Opphavleg var Eggøy husmannsplass under Fitjargarden, som eigde øyane her vest til Trollosen. Plasset vart skuldsett som eigen gard i 1723.
Namn
endreNamnet kjem av egg, og truleg var det mykje sjøfugl som hekka her i gammal tid, og så har øya fått namn etter det.
Gardnamnet har vorte skrive Egøen i 1718, Ægøen i 1816, Ekøen i 1838, Eggøen i 1890. Namnet vert i dag skrive Eggøy.
Folketalsutvikling
endre1801[1] | 1900[2] | 2000 |
---|---|---|
9 | 11 | 0 |
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet
- Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.