Eidsfjorden i Nordfjord

61°54′15.728″N 5°51′23.040″E / 61.90436889°N 5.85640000°E / 61.90436889; 5.85640000

Eidsfjorden i Nordfjord
Hamnneset skil Eidsfjorden (til venstre) frå Isefjorden (til høgre)

Eidsfjorden er ein fjordarm av Nordfjord i Stad kommune i Vestland. Fjorden strekkjer seg 13 km austover og inn til Nordfjordeid i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hamneset i sør og Høynes i nord. Frå ytre Rød ved Starheim på nordsida av fjorden går det ferje sørover til Isane sør for Hamneset ved Isefjorden. Rett aust for Starheim ligg bygda Torvika.

Ved Nordfjordeid munnar Eidselva, som kjem frå Hornindalsvatnet som ligg 6 km lenger aust.

Riksveg 16 går på nordsida av fjorden, medan Fylkesveg 662 går på sørsida.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Eidsfjorden i Nordfjord