Eidvågen

fjord i Hammerfest kommune

70°32′52.408″N 23°29′43.055″E / 70.54789111°N 23.49529306°E / 70.54789111; 23.49529306

Eidvågen
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hammerfest
Kart
Eidvågen
70°32′52″N 23°29′43″E / 70.54789111°N 23.49529306°E / 70.54789111; 23.49529306

Eidvågen (nordsamisk Muotkevuotna) er ein fjord på øya Seiland i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km søraustover til grenda Eidvågeidet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hellegjengneset i vest og Eidvågneset i aust. Det ligg enkelte gardsbruk langs vestsida av fjorden, men ingen større busetnader enn Eidvågeidet i botn. Her er det berre om lag 350 meter over til austsida av øya. Fjorden er 91 meter på det djupaste, like sør for Revneset.