Eigerøy bru er ei bru over Nysund mellom Eigerøya og fastlandet i Eigersund kommune i Rogaland. Brua er 260 meter lang, med 40 meter midtspenn og 23,75 meter seglingshøgde. Riksveg 502 går over brua, som gjev innbyggarane på Eigerøya vegsamband med Egersund. Den vart opna av kronprins Olav i 1951. Det har vore tatt til orde for at brua bør utvidast, på grunn av større trafikk, spesielt til industriområda på Søre Eigerøya.[1]

Eigerøy bru

Eigerøy bru 2010.
Foto: Jarle Vines
Typebru
StrekningRiksveg 421
Lengd260,45 meter
Kart
Eigerøy bru
58°27′40″ N 5°58′39″ E

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre