Eikanger skipreide
Eikanger skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland.[1] som femna om sørlege delar av Osterøya. Ho var namngjeven etter bygda Eikanger på nordsida av Osterfjorden.
Geografisk område etter gammal inndeling:
- del av Hamre sokn (gardane nord for Osterfjorden og aust for Hellesvågen/Haukåsvatnet/Langavatnet)
- del av Hosanger sokn (gardane nord for Osterfjorden)
- Mo sokn (unnateke gardane i Eksingadalen)
- del av Myking sokn (gardane sør for Mykingåsen og aust for Haugsåsen.
- del av Sandnes sokn (gardane sør for Merkesdalen)
Geografisk område etter noverande inndeling:
- Modalen kommune
- del av Lindås kommune
- Ostereidet sokn (unnateke krinsane Øvstegarden og Leknes)
- del av Myking sokn (gardane sør for Mykingåsen og aust for Haugsåsen.
- del av Masfjorden kommune
- del av Sandnes sokn (gardane sør for Merkesdalen)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1853 vart Eikanger tinglag oppløyst, og områda vart overført til Lindås tinglag, Hosanger tinglag og det nye Hamre tinglag.[2]