Lindås kommune

tidlegare kommune i Hordaland fylke i Noreg
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Lindås.

Lindås er ein tidlegare norsk kommune i Nordhordland i gamle Hordaland fylke. Lindås vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Kommunen grensa etter 1964 mot Masfjorden og Modalen i nord og mot Austrheim og Radøy i vest. Andre nabokommunar var det ikkje landgrense mot, men over fjordar eller tronge sund var Lindås omgjeven av kommunane Gulen i nord, Vaksdal og Osterøy i aust, Bergen i sør, og Meland i vest. 1. januar vart Lindås slått saman med Radøy og Meland til Alver kommune.[1]

Lindås kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Knarvik
Areal 476 km²
 - land 458 km²
 - vatn 18 km²
Målform nynorsk
Ordførar Astrid Aa. Byrknes (KrF)
Kommunenr. 1263
Kart
Lindås kommune
60°37′29″N 5°19′42″E / 60.624722222222°N 5.3283333333333°E / 60.624722222222; 5.3283333333333
Wikimedia Commons: Lindås (former municipality)
Nettstad: www.lindas.kommune.no

Lokalaviser endre

Lokalaviser som dekkjer kommunen er Strilen og Nordhordland. Regionavisane Bergens Tidende og Bergensavisen har noko stoff frå kommunen.

Kultur endre

Lyngheisenteret på Lygra er eit kulturlandskapsmuseum for Nordhordland og lyngheiområdet langs kysten av Vestlandet. Senteret er etablert som eit resultat av Lindåsprosjektets arbeid i 1970-åra då lyngheikulturen blei dokumentert.

Tusenårsstad endre

Kommunen sin tusenårsstad er Kongshaugen på Seim, som også vert kalla Håkonshaugen.

Politikk endre

I perioden 2015-2019 var Astrid Aarhus Byrknes ordførar i Lindås kommune. Ho representerer Kristeleg Folkeparti. Varaordførar var Nina Bognøy frå Arbeiderpartiet. Tredje største parti i Lindås kommune var Framstegspartiet, leia av Bjarte Vatnøy. Dei minste partia i Lindås kommune var Rødt, MDG og Sosialistisk Venstreparti.

Idrett og aktivitet endre

Lindås Idrettsråd (LIR) sin primære oppgåve er å vere bindeledd mellom idretten og kommunen, og arbeide for best moglege vilkår for idretten i Lindås kommune. Rådet er eit felles organ for all idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF), og idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i LIR. LIR blei oppretta i 1996, og har hausten 2012 over 3000 aktive medlemar i 16 medlemslag med over 20 særidrettar. Rådet har eit styre med 6 medlemar, vedtekter godkjent av NIF, og ein handlingsplan med mål og tiltak. Arbeidsoppgåver i seinare tid har i hovudsak vore:

  • fordeling av lokale aktivitetsmidler (LAM)
  • uttaling til kommunen på vegner av idrettslaga om prioriteringar av aktivitetar, anlegg og kulturmidlar
  • dokumentasjon/àjourhald av anleggsoversikter
  • utdeling av idrettsstipend
  • delta i utvikling av idrettspolitiske handlingsplanar

Idrettslag: IL Alvidra - Eikanger Idrettslag - FIL AKS-77 - Knarvik IL - Lindås Idrettslag - Nordhordland Ballklubb (NBK) - Seim IL - Seim Sportsskytterlag - Nordhordland Skiklubb - Nordhordland Dykkerklubb - Nordhordland Skeiseklubb - Nordhordland Karateklubb - Nordhordland Hestesportklubb - Holy Riders MC Racing - Nordhordland Sykkelklubb - Nordhordland Flyklubb

IL Alvidra, Knarvik IL og Seim IL har inngått samarbeid om friidrett i FIL AKS-77. AKS-77 har sidan 1983 arrangert Knarvikmila. NBK har eit samarbeid innan fotball i høgare årsklassar mellom Alvidra, Knarvik og Seim, medan dei lokale idrettslaga har eigne lag i yngre årsklassar.

Lindås Skytterlag, fotballgruppa, handballgruppa og trimkarusellen er noko av idretten i nordre del av kommunen.

Lindås IL har planer om å byggje både svømmebasseng, bowlinghall, garderober, tribuner og kunstgress på grusbanen sin. Både Nordhordlandshallen i Knarvik og den nye flotte Lindåshallen er praktbygg som heile kommunen har stor glede og nytte av.

Kjende personar frå Lindås endre

Kjelder endre

  1. «Navn på nye kommuner», Regjeringen.no (på norsk), 3. januar 2020, henta 9. januar 2020 

Bakgrunnsstoff endre