Eikemo i Åkrafjorden

Eikemo er ein veglaus gard som ligg på nordsida av Åkrafjorden i Etne kommune i Sunnhordland. Tilknytt til garden ligg òg Eikemostølen.

Eikemo hadde seks fastbuande i 2005. 3 av desse er gardbrukarar som mellom anna held geiter. Det fanst rundt 300 geiter på Eikemo dette året.

Bøndene på Eikemo satsar mykje på turisme om sommaren. Frå juni til august har det vorte arrangert traktorsafari til Eikemo og Eikemostølen med servering av stølsmat og guiding av bonden sjølv.

Eikemo har elles vorte vidgjete frå fjernsynsserien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, som laga eit program om plassen fordi han er så vanskeleg tilgjengeleg og lite befolka.

Bakgrunnsstoff endre