Eiken kommune

tidlegare kommune i Vest-Agder fylke i Noreg
For Eiken kommune i Aargau, sjå Eiken i Sveits.

Eiken er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke.[1][2] Kommunen vart oppretta i 1916 og lagt ned i 1962.[1]

Eiken kyrkje ved Lygne

Eiken kommune hadde same utstrekking som Eiken sokn i Lister prosti, og femnde øvste delen av Lyngdalen med området kring innsjøen Lygne og dalføra, fjella og heiene kring.[2] Soknet og kommunen har namn frå garden Eiken ved nordenden av Lygne, der det har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.[3]

Kommunesoge endre

Eiken kommune vart skipa 1. januar 1916 ved at Eiken sokn vart skild ut frå Hægebostad kommune. Ved opprettinga budde det 932 personar i kommunen. I det store kommunebrigdet på 1960-talet vart Eiken innlemma i Hægebostad kommune att, og Eiken kommune vart lagt ned 31. desember 1962. Ved samanslåinga budde det 784 personar i Eiken.[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 ¨Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen»» (PDF). Statistisk sentralbyrå. s. pp. 38-41. 
  2. 2,0 2,1 Per Tang (1951). «Eiken». I Arnulv Sudman. Norsk Allkunnebok III. Oslo: Fonna. s. 721-722.  [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)]
  3. ««Eiken kyrkje»». kulturminnesok.no (Riksantikvaren). Henta 7. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

58°28′44″N 07°12′43″E / 58.47889°N 7.21194°E / 58.47889; 7.21194