Eikesdal
62°28′33″N 8°10′25″E / 62.47583°N 8.17361°E
Eikesdal | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Molde | ||
Eikesdalen 62°28′34″N 8°10′27″E / 62.47611111°N 8.17416667°E | |||
Wikimedia Commons: Eikesdalen |
Eikesdal, òg omtala i bunden form Eikesdalen, er ein dal og ei bygd i Molde kommune i Romsdalen. Dalen strekkjer seg frå Eikesdalsvatnet i vest til garden Finnset inst i dalen mot aust. I bygda dominerer jordbruk og turisme som næringar. Den mest kjente attraksjonen i dalen er det høge fossefallet Mardalsfossen.
Dalen er ein v-dal forma av den no regulerte elva Aura og har svært bratte fjellsider. Elva renn ut frå den regulerte Aursjøen. Eikesdal var lenge tilgjengeleg berre via Eikesdalsvatnet med båt, ferje eller slede vinterstid. I 1991 vart Fv191 frå Eresfjord til Øverås ved vestsida av vatnet forlenga langs nordsida av vatnet og inn til dalen.
Gardsnamn i dalen er frå vest Mardal, Utigard, Austigard, Oppigard, Sæter og Finnset
Galleri
endre-
BF «Eikesdal» ved kaia inst i dalen som har gitt namn til ferja.Foto: Leif-Harald Ruud (2021)
-
Tidlegare landhandel i Eikesdal.Foto: Leif-Harald Ruud (2021)
-
MF Mardøla ved kaia på Øverås.Foto: Leif-Harald Ruud (2021)
Kjelder
endre- Romsdal.com Eikesdalen
- Eikesdalcamping.no