Elva Aura
Aura er ei elv i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho startar frå Aursjøen og renn først mot vest, deretter mot nordvest gjennom bygda Eikesdalen, og munnar ut lengst sør i Eikesdalsvatnet. Ved Finnset dannar Aura fossen Aurstaupet, som no er tørrlagt mesteparten av året. Elva er 25,3 km lang, og har eit nedbørfelt på 842,43 km².[1]
I naturleg tilstand har elva ei middelvassføring ved munningen på 27,34 m³/s.[1], men dette er i dag sterkt redusert grunna kraftutbygging. Både hovudelva og dei fleste sideelvane vart på 1950-talet overført til Aura kraftverk i Sunndal. På 1970-talet vart òg den største attverande sideelva, Bruåa, ført bort frå Aura i samband med utbygginga av naboelva Mardøla til Grytten kraftverk i Rauma.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat