Eiksteinen er ein runestein som er funnen på Eik prestegard ved Hauge i Sokndal kommune i Rogaland.

Steinen vart funnen i 1972 ved oppreinsking av elvebreidda like vest for ein gammal brustad over Sokna. Det vart då funne ei sundslått blokk av karakteristisk raud granitt, og ved nærare undersøkingar vart det funne fleire fragment i nærleiken. Steinen er no sett saman og er på det næraste komplett. Han er stilt ut i Arkeologisk museum i Stavanger. Utgravingar i 2000-01 viste at det hadde gått eit gammalt vegfar ned mot elva like ved funnstaden.

Innskrifta er i runer frå den yngre runerekkja, og vert datert til 1000-talet:

s a k (s) i : k i r þ i k o u s þ a k a f i r i r s a l (o) m o u þ o r s i n ar þ o u r r i p i b r u þ i s a

På moderne norsk vert dette:

Saksa gjorde denne brua for at Gud som løn skulle hjelpa mor hans Turid.

Steinen går inn i ein «familie» av fleire steinar frå Noreg, Danmark og Sverige, der ein namngjeven person reiser runesteinen til minne om ein avliden, og at vedkomande har bygt ei bru, implisitt til minne om den avlidne. Samstundes gjev desse innskriftene klårt inntrykk av at dei er utarbeidde etter at kristendomen hadde fått fast fotfeste i landet.

I og med innføringa av kristendomen vart religionsutøvinga flytta frå den private sfæren over til å verta ein offentleg institusjon. Ein reknar difor med at kommunikasjon frå dei ytre delane av kyrkjesokna måtte gjerast lettare for å sikra oppmøte ved gudstenestene. Dermed vart det gjort vesentlege opprustingar av vegnettet, som til dømes å byggja bru over elver og myrstrekningar, rekna som ei god gjerning. I dette høvet kan ein tenkja seg at Sakse si brubyggjing kunne hjelpa mor hans, som nett var død, lettare gjennom skjærselden.

Slike «brubyggjarsteinar» er relativt talrike i Danmark, og særleg i Sverige. I Noreg kjenner ein berre to slike runesteinar; Eiksteinen og Dynnasteinen frå Gran kommuneHadeland.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Aslak Liestøl: Innskrifta på Eiksteinen. Stavanger museums årbok 1972 s.67ff