Eileach an Naoimh

Eileach an Naoimh, òg kjend som Holy Isle,[1] er ei busetnadslaus øy i Indre Hebridane på vestkysten av Skottland. Ho er den sørlegaste av øyane i Garvellachs og ligg i Firth of Lorne mellom Mull og Argyll. Namnet er skotsk-gælisk for «den steinete staden til helgenen».[2]

Eileach an Naoimh
Geografi
Eileach an Naoimh is located in
Eileach an Naoimh ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°13′N 5°48′W / 56.21°N 5.8°W / 56.21; -5.8
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 0,56 km²

Høgaste punkt 80 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 0

Rundt år 542 grunnla St. Brendan eit klosterEilach, som ein trur er denne øya. Dette kan bety at dei eldste restane av eit kyrkjebygg i Storbritannia ligg her, sjølv om dei første skriftlege kjeldene som nemner kyrkjar er frå seint på 800-talet. Ein trur at Columba har vitja øya. Eileach an Naoimh kan ha vore gravstaden til mor til Columba, Eithne.[3][4]

Ruinane av eit kapell på Eileach an Naoimh

Klosteret vart øydelagd, eller i det minste plyndra, av vikingane frå rundt år 800. Øya har truleg berre vore busett periodevis etter dette.

Kjelder endre

  1. Humphreys, Rob; Reid, Donald (2004). The Rough Guide to Scottish Highlands and Islands. Rough Guides. s. 113. ISBN 1-84353-269-7. Henta 13. februar 2010. 
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  3. Pallister, Marian (2005) Lost Argyll: Argyll's Lost Heritage. Edinburgh. Birlinn. s. 120 og 133.
  4. Marsden, John (1995) The Illustrated Life of Columba. Edinburgh. Floris Books s. 110.