Kloster (frå latin claustrum, 'innhegna stad') viser til område der menn eller kvinner som har gjeve visse religiøse løfte lever meir eller mindre avsondra frå verdsleg levnad. Det finst døme på klostervesen i fleire ulike religionar; skikken er særleg kjend frå kristendommen og buddhismen. Faste medlemmer i kloster blir kalla munkar og nonner; medlemmer på prøve eller i lære noviser, og medlemmer som ikkje er ordinerte lekbrør.

Am Klostertor (‘Ved klosterporten’, 1846) av Ferdinand Georg Waldmüller.
Frå eit buddhistkloster i Ladakh i India.

Ofte vil dei som bur i kloster ha lova å leva i sølibat, kle seg i visse klede og ha svært få (eller ingen) eigedelar. Klosterlivet kan legga vekt på sjeleleg utvikling gjennom utføring av religiøse rituale, som gudstenester, bøn og meditasjon, eller gjennom å tena omverda, til dømes gjennom undervising, helsepleie eller misjonering. Fleire kloster gjennom tidene har drive jordbruk, og nokre har spesialisert seg til å laga visse produkt, som ost, vin eller øl.

Ein kan gå i kloster for resten av livet, eller for kortare tidsrom, frå nokre dagar til månader. I daglegtale kan «å gå i kloster» visa til ein som trekker seg tilbake frå omverda, utan nødvendigvis å ha nokon religiøs grunn til det.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kloster