Eilean Shona
Eilean Shona (skotsk-gælisk Eilean Seòna, mogleg frå norrønt Sjoney) er ei tidvassøy i Loch Moidart i Skottland. Det tidlegare gæliske namnet var Arthraigh, som tyder «Fjøreøya».[1]
Eilean Shona | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°48′N 5°54′W / 56.8°N 5.9°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 5,25 km²
|
Høgaste punkt | Beinn a' Bhàillidh (265 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Highland |
Største busetnad | Invermoidart
|
Demografi | |
Folketal | 11 (2007)
|
Ho vart leigd ut til forfattaren J. M. Barrie i 1920-åra, som nytta ho som sommarferiestad for seg sjølv og fostersønene Michael og Nicholas Llewelyn Davies.[2] Det var her har skreiv manuset til 1924-utgåva av filmen Peter Pan.
Øya er i dag eigd av Robert Devereux.
Det bur i dag 11 personar på øya, men i 1851 vart det rapportert at 37 familiar flytta frå øya til den nærliggande busetnaden Dorlinn etter potetsjuke.[3]
Det ligg fleire mindre øyar rundt Eilean Shona, som Riska Island, Eilean an Fhèidh og Eilean Tioram. Eilean Shona House ligg oppfor Riska og Castle Tioram. Det er fleire hytter til leige på øya, i tillegg til hovudhuset.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eilean Shona» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Scottish Parliament Gaelic Placenames
- ↑ Birkin, Andrew, The Lost Boys, (Yale University Press)
- ↑ Moidart.org