Highland
Highland (skotsk-gælisk Sgìre Comhairle na Gàidhealtachd) er ein region i Skottland i Dei skotske høglanda og det største adminsitrative området i både Skottland og heile Storbritannia. Det grensar til regionane Moray, Aberdeenshire, Perth and Kinross og Argyll and Bute. Desse grenseregionane, i tillegg til Angus og Stirling, har òg område i Dei skotske høglanda. Highland omfattar det meste av fastlandet og delane av Dei indre Hebridane som tidlegare låg i grevskapa Inverness-shire og Ross and Cromarty, heile Sutherland, Caithness og Nairnshire og mindre delar av Argyll og Moray.
Highland | |||
Sgire Comhairle na Gàidhealtachd | |||
region | |||
|
|||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | Skottland | ||
Adm.senter | Inverness | ||
Areal | 25 657,1465 km² | ||
Folketal | 235 540 (2018)[1] | ||
Highland 57°30′N 5°00′W / 57.5°N 5°W | |||
Wikimedia Commons: Highland (council area) |
Området vart skipa som ein todelt region i 1975 inndelt i distrikt. I 1996 vart distrikta avskaffa og funksjonane deira vart flytta til regionsrådet.[2]
Administrasjonsbyen er Inverness.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Highland (council area)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2009.