Eilert Pedersen Præsteng

Norsk fiskar, bonde og stortingsmann

Eilert Hagerup Prytz Pedersen Præsteng (21. juni 18669. mars 1939) var ein norsk gardbrukar, trevarehandlar og stortingsmann frå Hemnes i Nordland. I perioden 1922-36 var han stortingsrepresentant for Frisinna Venstre og seinare Høgre, vararepresentant 1937-39.

Eilert Pedersen Præsteng
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juni 1866
Hemnes prestegjeld
Død

9. mars 1939 (72 år)

Yrke politikar, bonde, fiskar, båtbyggar, trelasthandlar
Politisk parti Frisindede Venstre, Høgre

Præsteng var son til ein gardbrukar. Frå unge år han var han fiskar, deltok i lofotfisket frå 1882 til 1898, dei siste 12 åra som høvedsmann. I 1890 kjøpte han farsgarden Presteng i Hemnes (Sør-Rana) og var gardbrukar i fleire ti år. Då han gav opp fisket, byrja han som skøytebyggar, og han dreiv handel med skøyter, båtar og trevarer til Lofoten, Vesterålen og Finnmark.

I tida frå kring 1900 var Præsteng mykje aktiv i den lokale samfunnsstyringa. Han var i til saman 15 år medlem i heradsstyret i Hemnes, og han var medlem i skulestyret, fattigstyret, og av liknings- og overlikningsnemnda. Dessutan var han forlikskommissær og styremedlem i Hemnes Elektrisitetsverk, samt formann i Hemnes telefonselskap og Hemnes meieriselskap. Heilt til han døydde var han styremedlem («direktør») i Hemnes Sparebank.

Gjennom stortingsvalet hausten 1921 kunne Præsteng rykke inn på fast plass på Stortinget, vald frå valkrinsen Nordland og for Frisinna Venstre. I den fyrste treårsperioden, 1922-24, var han medlem i Landbrukskomiteen. Etter attval i 1924 tok han sete 1925-30 i Jarnbanekomiteen. Då Frisinna Venstre byrja gå i oppløysing vandra Præsteng over til Høgre, og representerte det partiet frå 1928. Etter nye attval var han 1931-36 medlem i Veg- og jarnbanekomiteen. Ved stortingsvalet hausten 1936 stod han på tredjeplass på Nordland Høgre si kandidatliste, mot førre gongen fyrsteplass, men eit godt val for fylkespartiet gjorde at han vart fyrste vararepresentant og møtte såleis tre veker i 1937 og to veker i 1938 i staden for Cato Sverdrup.

Kjelder endre