Cato Sverdrup

norsk politikar

Cato Andreas Sverdrup (9. april 18969. april 1948) var ein norsk væreigar i Reine i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Høgre 1937-48.

Cato Sverdrup
Fødd9. april 1896
Død9. april 1948

Far til Sverdrup var væreigar på Reine i Lofoten. Sjølv tok Cato Sverdrup og broren Sofus i 1917 over drifta av faren si handelsforretning under namnet S. & C. Sverdrup. Firmaet dreiv fiskeeksport, trandamperi, reiarverksemd og styrte fiskeværet Reine. I 1940 vart forretninga ført vidare som Sverdrup & Sverdrup. Under andre verdskrigen gjorde Cato Sverdrup teneste i Sjøforsvaret som sersjant og kapteinløytnant.

Sverdrup hadde gjennom åra ei rad med styre- og tillitsverv. Mellom anna var han formann 1919-41 i Flakstad og Moskenes assuranseforening, 1931-35 i Lofotens Handelsstands Forening, 1937-40 i Norges tørrfiskeksportørers landsforening, medlem 1945-48 i Norges Eksportråd og 1946-48 styremedlem i AS Vesteraalens Dampskibsselskab.

Frå 1930 var Sverdrup medlem i landstyret til partiet Høgre og frå 1934 sat han òg i sentralstyret. Hausten 1936 vart han vald til stortingsmann frå Nordland, attvald i 1945. På Stortinget var Sverdrup medlem i Sjøfarts- og fiskerikomitéen og sentral i partileiinga til han døydde i 1948. I 1934 vart han utpeikt til medlem i Fiskerikomiteen av 1934.

KjelderEndra