Ein Ayala
Ein Ayala (hebraisk skrift עֵין אַיָּלָה, tyder Hjortekjelda) er ein delvis felles moshav nord i Israel. Han ligg ved foten av Karmelberget kring 20 km sør for Haifa og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 789.
Ein Ayala | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Karmelberget | ||
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Kommune | Hof HaCarmel | ||
Koordinatar | 32°37′44.76″N 34°56′43.8″E / 32.6291000°N 34.945500°E | ||
Folketal | 1 159 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Tsjekkoslovakiske emigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Ein Ayala 32°37′45″N 34°56′44″E / 32.6291°N 34.9455°E | |||
Kart som viser Ein Ayala.
| |||
Wikimedia Commons: Ein Ayala | |||
Nettstad: www.einayala.co.il |
Historie
endreMoshaven vart grunnlagd i 1949 av emigrantar frå Tsjekkoslovakia. I følgje Benny Morris, høyrte landområdet til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Ayn Ghazal,[2] men Walid Khalidi skriv at dette ikkje er korrekt.[3]
I dag er er gardsbruk hovudnæringa til moshaven, hovudsakleg dyrking av grønsaker og frukt. Mange av innbyggjarane arbeider òg i Haifa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ein Ayala» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2015.
- Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5
- Morris, Benny (2004), The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, ISBN 9780521009676
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2007-09-18 ved Wayback Machine. (he)