Opna hovudmenyen

Ein Hawd (arabisk عين حوض; hebraisk skrift עין חוד) er ein arabisk landsby nord i Israel. Han ligg nær Haifa og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 65.[1]

Ein Hawd
landsby
Ein hud.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Hof HaCarmel
Koordinatar 32°41′32.24″N 35°0′0.86″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg

HistorieEndra

Landsbyen vart grunnlagd etter den arabisk-israelske krigen i 1948 då 35 medlemmar frå familien Abu al-Hija frå den avfolka landsbyen Ein Hawd (no kalla Ein Hod) kom attende til landsbyen etter å ha kome ut frå israelske fengsel. Dei nekta å forlate området og slo seg ned på landområdet til landsbyen.[2] Her grunnla dei ei ny landsby. I starten godkjende israelske styresmakter namnet Kfar Abu al-Hija. I 1978 kravde innbyggjarane å få attende namnet Ein Hawd.[3] Forsøk på å flytte dei var mislukka og dei fekk til slutt israelsk borgarskap.[2][4] Den nye landsbyen vart ikkje anerkjend i starten, men i 1992 vart han registrert som ein arabisk landsby.[5] I 2005 vart Ein Hawd fullt ut anerkjent og vart mellom anna kopla til det isrealske straumnettet.[4]

I 1978 byrja landsbyen å fjerne gjerda som israelske styresmakter hadde sett opp kring landsbyen i 1964 og bygde 24 nye hus.[3]

Etter Ein Hawd vart anerkjend av dei israelske styresmaktene vart han ein del av Hof HaCarmel regionale kommune.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. treng kjelde
  2. 2,0 2,1 Meron Benvenisti (2000). Sacred Landscape: The Buried Historie of the Holy Land since 1948. University of California Press. s. 193–195. 
  3. 3,0 3,1 Susan Slyomovics (1998) The Object of Memory: arabarar and Jew Narrate the palestinsk Village University of Pennsylvania Press, ISBN 0-8122-1525-7 s. 120–121
  4. 4,0 4,1 Dei sameinte nasjonane Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (27. september 2014). «Israel: An IDP landsby sees light mot slutten av tunnel». IRIN News. Henta 7. desember 2007. 
  5. «The Association of Forty». The Association of Forty. Arkivert frå originalen 2007-10-12. Henta 7. desember 2007.