Einar Aas
Einar Jan Aas (fødd 12. oktober 1955) er ein tidlegare norsk fotballspelar frå Moss i Østfold. Han vart norsk seriemeister 1987 for Moss FK og spelte 35 kampar på Noregs landslag. Aas var ein plasseringssikker og kvikk midtstoppar.
Einar Aas | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. oktober 1955 (69 år) Moss kommune |
Idrett | fotball |
Karriere
endreKlubbspel
endreAas debuterte for det dåverande andredivisjonslaget Moss i 1972, eit lag som frå 1976 spelte i 1. divisjon. Frå januar 1980 var han Bayern München-spelar til han i mars 1981 vart overført til det engelske topplaget Nottingham Forest. Etter han braut leggbeinet i ein kamp seint i november 1981, vart han gåande skadd i lang tid. Frå hausten 1983 til 1987 var han på ny Mosse-spelar. I sin siste sesong, 1987-sesongen, var han med då Moss i siste og avgjerande kamp mot Molde FK vann 2-0 på Molde stadion og sikra Moss Fotballklubbs einaste serietriumf.
Landslagsspel
endreAas spelte 35 landskampar for Noreg i tida frå juni 1977 til oktober 1986. Han var med då Noreg vann 2- 1 over England i VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion 9. september 1981. Aas skåra 3 landslagsmål.
Merittar
endre- Seriemeister: 1987 for Moss FK
Kjelder
endre- Einar Jan Aas i Store norske leksikon
- eu-football