Opna hovudmenyen

Moss Fotballklubb

(Omdirigert frå Moss FK)

DivisjonsutviklingEndra

KlubbhistorieEndra

StartenEndra

Moss FK vart stifta som Moss Idretsforening 28. august 1906 i eit vedskjul i Henrik Gerners gate. Dei første åra var det fotball, friidrett, sykling, ski, ishockey og skøyter som prega klubben. Fotballen hadde ikkje akkurat slått rot i Noreg på denne tida. Dei første åra gjekk det ikkje i det tradisjonelle fotballspelet, men i såkalla fotballtennis. Dette kom av at det ikkje var nokre regulerte fotballbanar i Moss-regionen på denne tida.

Men i 1910 byrja MIF å spele fotball slik vi kjenner det i dag. Sidan treningsbanar var eit av dei største problema til klubben, skifta Moss Idretsforening stadig opphaldsstad. Først til ei løkke ved Solisaga på Ørehavna, derfrå til ei slette ved Schulstocks Reperbane (i dag Herfordsgate) og til slutt til Sandløkka på Skarremyra. Banen låg der, men tribune og klubbhus måtte vente. Nokre gamle treskur vart sett opp og gjorde teneste i mange år, fram til Melløs Stadion stod ferdig 21. mai 1939.

Klubben har siden oppstarten spelt i gult og svart, sjølv om fargenyansane har endra seg noko over tid. Emblemet til MFK held òg klubbfargane – logoen er eit svart skjold med gul bord, fotball og initialane «MFK». Den første seriøse klubbeigde fotballbanen kjøpte samskipnaden i 1911 – då dei fekk tilslag om eit areal der Malakoff videregående skole ligg i dag – banen vart opparbeidd på dugnad i løpet av åtte månader. 21. mai 1939 stod Melløs stadion ferdig.

GjennombrotetEndra

Året 1921 må kunne reknast som gjennombrotsåret for fotballen i MIF. Banen på Malakoff vart utvida, rettnok på grunn av NM på skøyter. Laget spelte seg for første gong fram til 4. runde i NM, der det vart tap for Odd. Kampen vart spelt på Malakoff, og samla 3 000 tilskodarar. MFK vart avdelingsmeister i Østfold Nordre med seks poeng. Rivalane Fredrikstad FK kom på andreplass med fem poeng. MIF fortsette framgangen i 1922, og vann avdelinga si i kretsserien. Diverre tapte dei finalen mot Kvik 3-0. Dei nådde for første gongen semifinalen, som vart spelt i Fredrikstad for fulle tribunar. Motstandar var nok ein gong Kvik Halden, som vann 1 – 0. Den 15. juni 1924 fekk MIF sin første landslagsspelar – Arvid Lindberg – som debuterte mot Tyskland. For femte gong på rad vann MIF i 1925 avdeling si i meisterskapen i klasse A i Østfold. Det vart tap i finalekampen om krinsmeisterskapen mot Sarpsborg, med 4-2.

I 1926 vart det vedteke at sykling og hockey skulle sløyfast frå klubbprogrammet, og året etter vart det vedteke at skøyter og ski skulle nedleggjast. Då stod klubben tilbake med berre fotball og friidrett. I 1929 vart friidretten utskilt i eigen samskipnad og klubben endra namn til Moss Fotballklubb.

Etter å ha spelt sine kampar på Malakoff frå starten av, flytta laget til dagens stadion, Melløs den 21. mai 1939. Denne dagen vart Melløs Stadion offisielt innvigd med idrettsparade, talar , turnoppvisning, friidrett og fotballkamp mellom MFK og Sprint, der MFK vann 1-0. Nærare 4000 tilskodarar var tilstades. I serien vart MFK nr tre etter Fredrikstad FK og Sarpsborg FK. I Noregsmeisterskapen kom MFK igjen til 5. runde, kor laget møtte DrafnUllevaal, og tapte 1-0. Det vart spelt ein kamp mot landslaget den 21. juni same år, der resultatet vart 2-2.

Den 9. april 1940 vart all trening stoppa pga krigsutbrotet, og vart først sett i gang igjen 11. juni same år, då klubben spelte den første kampen sin mot Fredrikstad Fotballklubb, der det vart siger 4-2. Frå august vart det igjen spelt Noregmeisterskapenskampar og MFK kom «berre» til semifinalen, men vann for første og einaste gong krinsmeisterskapen i Østfold – på betre målskilnad enn Sarpsborg FK.

EtterkrigsåraEndra

Den 11. mai 1945 stod denne annonsen i avisene til byen: ”Moss Fotballklubb byrjar treninga på Melløs Stadion førstkommande tysdag kl 19.00. Styret” – altså berre tre dagar etter at krigen var over i Noreg.

Etter dette følgde nokre svake år sportsleg for MFK, og i 1947 vart det nedrykk frå 1.divisjon til 2. divisjon. Laga spelte seg derimot opp att i 1948. Etter år med plasseringar midt på tabellen vart laget austlandsmeister i Landsdelsserien i 1953, og rykte dermed opp til Hovedserien – dagens Tippeligaen. Det vart derimot berre eit år i Hovedserien for MFK denne gongen, klubben leid mange nederlag, og rykte ned i Landsdelsserien igjen.

Nyare tidEndra

Klubben heldt seg i Landsdelsserien med eit nødskrik i perioden 1956-1960, men klubben var svært nære nedrykk alle dei nemnde åra. I 1963 vart ligastrukturen i NFF endra, og dei ulike landsdelsdivisjonene vart no til 1. divisjon, 2. divisjon og 3. divisjon, der MFK vart plassert i 3. divisjon. Etter fleire sesongar med topp og midt-plasseringar i 3. divisjon, vart klubben krona med eit overraskande nedrykk i 1969. Laget rauk òg ut i første runden av cupen denne sesongen, i det som blir karakterisert som Moss FKs dårlegaste sesong nokosinne – i god konkurranse med 1992, 2003 og 2010-sesongane.

1970-talet vart ein sigersgang for MFK. I løpet av sesongane sesongane 1970 og 1971 tok klubben stega opp frå 4. divisjon til 2. divisjon. Dei følgjande åra vart gode reint sportsleg, og i klubben sin 70-årsjubileumssesong – 1976 – tok klubben stega opp i 1.divisjon, som var toppdivisjonen den gongen. I klubben sin jubileumskamp på Melløs vann klubben 12-3 over Lillestrøm. Det var òg i denne sesongen der Moss-legenda Einar Aas debuterte på U-landslaget, mot høvesvis Sverige og Danmark.

I 1978 vart MFK nr åtte i toppserien. Den 17. mai dette året fekk MFK besøk av Hamburger SV, som hadde bl.a Kevin Keegan på laget. Det enda i 1-6 tap for MFK. På A-laget denne sesongen spelte Philip Holyoak frå Tottenham dei fleste seriekampane for MFK, men fekk etter kvart ikkje arbeidsløyve i Noreg, og måtte difor reise heim igjen til England.

Sesongen 1979 vart rekna som den beste gjennom tidene for MFK – der laget kom på sølvplass, berre 2 poeng etter Viking, noko som gav UEFA deltaking neste sesong. Einar Aas, som vart kåra til årets spelar denne sesongen, underteikna etter sesongen proffkontrakt med Bayern München på 2 ½ år, og vart den første profesjonelle fotballspelaren frå MFK. Året etter vart han den første nordmannen til å spele profesjonelt for eit engelsk lag – nemleg Nottingham Forest, der han spelte under den legendariske manageren Brian Clough. Han vart òg den aller første utlendingen som vart kaptein for eit engelsk fotballag noko sinne.

1980-åraEndra

Saknet etter Einar Aas kom til syne i 1980-sesongen, der klubben enda på sjetteplass i toppserien. Denne sesongen spelte MFK òg i UEFA-cupen mot FC Magdeburg. Det vart tap borte med 2–1, og 2–3 tap heime på Melløs – og dermed exit i første runden. I 1981 kom klubben til cupfinalen for første gongen etter å ha slått Fredrikstad 6-0 i 4. runde, Start med 3–0 i 5. runde og Viking 2–0 i semifinalen. Finalen enda med 1–3 tap mot Lillestrøm.

Sesongen 1983 vart rekna som «gullåret». I 1. divisjon vart laget nummer fire, men laget tok for første gongen heim cupen. Finalekampen gjekk på Ullevaal den 23. oktober, og MFK slo Vålerenga med 2-0, etter at Stein Kollshaugen gav MFK leiinga på straffespark. Geir Henæs fastsette sluttresultatet til 2–0. Kapteinen til laget, Geir Henæs, mottok Kongepokalen, og heile laget sprang æresrunden på eit fullsatt Ullevaal Stadion. Heile byen tok imot spelarane og leiarane då dei kom tilbake, med fakkeltog frå Øvre Torv til Samfunnshuset. Dette førte òg til deltaking i europacupen for cupvinnarar. Her spelte MFK to kampar mot Bayern München, og vart slått ut i 1. runde med 4–1 tap i München, og 1–2 på Melløs.

Sesongen 1985 vart ein dårleg sesong sesong for laget. MFK vart nr 10 i serien med 19 poeng. Dei hadde sju sigrar, fem uavgjort og ti tapte kampar. Dette resulterte i kvalifiseringskampar, først mot Sogndal (2-0 siger) og deretter mot Tromsø (0-1 tap på Melløs). MFK var etter 9 samanhengande år i 1. divisjon degradert til 2. divisjon.

Første Eggen-periodeEndra

I 1986 vart Per og Hans Jacob Henæs sett til side på trenarsida. Inn kom ein ung Nils Arne Eggen, som sidan den gongen har vorte ei legende i fotball-Noreg – og utan tvil den mest anerkjende norske klubbtrenaren gjennom tidene etter prestasjonane hans ved roret i Rosenborg. Men han gjorde òg sakene sine vel i MFK – to år var alt han trong på å skrive MFK inn i norsk fotballhistorie – med gulltusj.

Målsetjinga for sesongen 1986 var opprykk til 1. divisjon, eit mål som vart nådd. Etter serien var over i 2. divisjon avdeling A, låg MFK på toppen med 35 poeng. Klubben feira òg jubileum dette året – Moss Fotballklubb var 80 år. Men det var ikkje før neste sesong – i sesongen 1987 – at klubben verkeleg skulle få noko å feire. Ein heimvendt Einar Aas kunne motta pokalen som bevis på at klubben for første og hittil einaste gong var vorte norsk seriemeister.

Nils Arne Eggen forlét seinare på hausten klubben til fordel for Rosenborg. Her skulle han seinare bli den mest suksessfulle klubbtrenaren i norsk fotball si historie, men mange meiner framleis at den største prestasjonen hans var nettopp det å ta eit nyopprykt MFK-lag til eit særs overraskande seriegull i 1987.

Mellom-Eggen periodenEndra

Ei rekkje av veteranane som hadde sikra seriegullet la opp før 1988-sesongen. Ny trenar var svenske Stefan Lundin, og i serien dette året enda laget på fjerdeplass. I cupen nådde laget nok ein gong semifinalen. Her vart det tap 0-1 for Brann på Melløs. Moss deltok dette året i den europeiske serievinnarcupen, og i likskap med i UEFA-cupen i 1983 trekte ein eit av dei desiderte topplaga; Real Madrid. I den første kampen i Madrid vart det tap 0-3, medan det vart tap 0-1 på Melløs.

I sesongen 1990, berre tre sesongar etter å ha vorte krona seriemeistrar, måtte klubben ta steget ned i 2. divisjon etter å ha kome på sisteplass i 1. divisjon med Einar Aas som trenar. Der vart klubben verande i fem sesongar. Mike Speight var trenar for klubben i fire år, før klubben endeleg tok steget opp i 1995 under leiing av Per-Mathias Høgmo. Nordlendingen leia òg laget komande sesong, men klarte ikkje redde laget frå nedrykk sesongen 1996. Nedrykket frå Tippeligaen til 1. divisjon innebar eit farvel til fleire sentrale spelarar. Rune Tangen – som vart kåra til årets stoppar av VG og årets spelar av NRK – gjekk til proffspel i Austerrike, medan Martin Andresen gjekk til Viking.

Andre Eggen-periodeEndra

Sesongen 1997 markerte starten på klubben sin andre Eggen-periode. Men denne gongen var det Knut Torbjørn Eggen – son av Nils Arne – som fekk trene klubben. Og med Nils Arnes suksess 10 år tidlegare friskt i minnet vart det stilt store forventningar til Eggen junior. Og desse vart på ein måte innfridd; Moss og Vålerenga kniva mot kvarandre i toppen av 1. divisjon gjennom heile sesongen, og til slutt enda Moss eitt fattig poeng bak Oslo-laga, og heile 19 poeng føre Eik-Tønsberg på kvalik-plassen. Dermed var Moss igjen tilbake i det gode selskapet i Tippeligaen.

Men der Nils Arne fortsette med seriegull, sleit Egga jr med å få Moss ut av nedrykkssumpa. Laget overlevde såvidt i sesong etter sesong fram til 2001. Både klubben og Eggen vart lei av middels plasseringar i Tippeligaen, og den tidlegare Molde-trenararn Erik Brakstad fekk oppgåva med å overta trenarrollen etter Knut Torbjørn Eggen før 2002-sesongen. Det vart tidleg klårt at Moss fekk ein tung sesong, og i slutten av august vart det klårt at Rune Tangen erstatta Brakstad som trenar. Han klarte derimot ikkje å redde klubben frå nedrykka som følgde.

AdeccoligaperiodenEndra

Rune Tangen vart tilsett som hovudtrenar òg for 2003-sesongen. Moss var blant favorittane til å rykke opp, men resultata uteblei og det såg lenge ut til å gå mot den ultimate fadesen – og nedrykk til 2. divisjon. Ved inngangen til september låg Moss under nedrykksstreken, og svenske L-O Mattsson vart henta inn som ny hovudtrenar saman med Tangen. Mattsson stod for ein formidabel snuoperasjon og bidrog sterkt til ny kontrakt. Mattsson tok på seg trenaransvaret nok ein sesong, og òg denne skulle bli ein kamp mot nedrykksspøkelset.

Føre den aller siste serierunden hadde Moss verkeleg kniven på strupen med tanke på fornya kontrakt Ikkje berre måtte Moss vinne heimekampen mot serieleiar Aalesund, men minst to av dei andre laga i nedrykkstriden måtte samstundes avgje poeng. 15 minutt før slutt låg Moss under 0-1, men ei utlikning på straffe skapte nytt von. Resultata som tikka inn frå dei andre kampane tydde på at det ville vere mogleg å berge plassen, og mot slutten av kampen hamra Moss laus på Aalesund-forsvaret. Og tre minutt før full tid fekk Jon André Fredriksen kanontreff på eit skot som sneik seg inn i hjørnet. Mattsson kunne reise heim til Sverige med visse om at han to år på rad hadde vore med på å redde Moss frå nedrykk.

I sesongen 2005 var Knut Tørum trenar for Moss, og han hadde med seg Rune Tangen som assistenttrenar. Trass i at tre markante spelarar frå året før hadde forsvunne til Tippeligaen (Rob Friend til Molde, Patrice Bernier til Tromsø og Håvard Sakariassen til Bodø/Glimt), hevda laget seg på merkverdig vis. Sakte men sikkert inntok laget kvalifiseringsplassen til Tippeligaen, og før den siste kampen mot Sandefjord var avstanden til nettopp vestfoldingane berre to poeng – slik at direkte opprykk ville ha vore sikra med siger. I ein dramatisk kamp føre heile 9 100 tilskodarar trekte mossingane det kortaste strået, og Sandefjord kunne feire opprykk til Tippeligaen etter resultatet 3-4. Moss skulle no ut i to kvalifiserings-kampar mot Molde FK. På heime-bane vart det tap 1-3, og i Molde vann vertane 2-0. Moss fekk likevel vist seg fram som eit særs offensivt lag, og hausta lovord frå ekspert-hald i TV og aviser. Etter sesongslutt gjekk trenar Knut Tørum til Rosenborg, og vart erstatta av Geir Bakke frå Vålerenga.

2006 skulle bli opprykksåret, der Moss endeleg skulle ta steget opp i Tippeligaen igjen i sitt 100 årsjubileum. Og nemnde Geir Bakke skulle vere mannen til å gjere det. Etter nesten-opprykket i 2005 var forventningane til laget høge – ikkje minst blant supportergjengen i Kråkevingen. Sesongstarten i Adeccoligaen vart di verre av det tunge slaget – berre 3 poeng på dei første fem seriekampane. Etter kvart hamna mannskapet til Geir Bakke i «ingenmannsland», og målet vart etter kvart å klare ein plass på øvre halvdel av tabellen – noko klubben klarte med åttandeplassen som til slutt vart plasseringa.

2007 og 2008-sesongen førte til same scenario som i 2006. Klubben hadde høge håp og høge budsjetter, men klarte ikkje å innfri sportsleg. Sidan resultata ikkje kom utover i 2008-sesongen, valde Geir Bakke å forlate stillinga si – eit ynske som vart innfridd av den sportslege leiinga. Ei mellombels løysing vart at tidlegare juniorlagstrenar Joakim Klæboe leia laget ut 2008-sesongen med avgrensa suksess. Laget enda på ein 9. plass.

NedturenEndra

Før 2009-sesongen vart Per Morten Haugen henta inn som ein permanent løysing. Han vart henta frå posisjonen sin som sportsdirektør i Fredrikstad FK. Moss FK vart den første utfordringa hans som hovudtrenar, men han hadde òg vore innom klubben som spelar tidlegare. Det vart før sesongen lagt opp til eit nøkternt budsjett, noko som gjenspegla ein skuffande 7. plass som fasit i seriespelet. Økonomien i klubben vart stadig meir kritisk etterkvart som den eine negative økonomiske overraskinga etter den andre frå fortida kom opp i dagen. Sesongen 2010 enda med nedrykk til nivå tre i norsk fotball, og i 2011 spelte klubben på det lågaste nivået sitt på 40 år. Klubben hadde i desse åra fleire økonomiske redningsaksjonar, men trass i dette sleit MFK endå med noko gammal gjeld, mesteparten av dette er gammal baneleige til Moss Kommune.

Etter nedrykket trekte Per Morten Haugen seg etter lang tids press frå supporterar og omgivnadene til klubben. Den tidlegare profilerte Tippeligatrenararn Tor Thodesen vart henta inn som ny hovudtrenar føre 2011-sesongen. Etter to sesongar med sportslege vonbrot, økonomisk rot og interne problem og to 10. plassar i 2. divisjon valde òg Thodesen å gje seg i november 2012.

Ny trenar vart henta, og føre 2013-sesongen fall valet på danske Michael Frank. Frank var tilsett som assisterande trenar i Follo, som vann avdelinga til Moss i 2012-sesongen. Men sjølv om Frank berre var assisterande trenar får han av mange mykje av kreditten for opprykka til Follo, sidan hovudtrenar Hans Erik Eriksen var suspendert store delar av sesongen grunna mistanke om kampfiksing. Frank vart då han kom til klubben møtt av ein massiv spelarflukt, då fleire av spelarane i troppen valde å trappe ned på fotballen, gå til konkurrerande klubbar eller fokusere på studium. Med ein allereie tynn stall tydde det òg mange nye signeringar, og før seriestart 2013 enda Moss opp med heile ni nye spelarar i troppen.

Resultat 1987-2012Endra

År Div Nr S V U T + - P
1987 D1 1 22 13 3 6 44 30 46
1988 D1 4 22 11 4 7 30 19 37
1989 D1 8 22 7 5 10 35 36 26
1990 D1 12 22 3 4 15 24 47 13
1991 D2 8 22 9 4 9 32 30 31
1992 D2 7 22 9 3 10 35 37 30
1993 D2 3 22 13 2 7 53 33 41
1994 D2 7 22 8 5 9 40 38 29
1995 D2 1 22 13 7 2 40 22 46
1996 D1 12 26 7 8 11 28 47 29
1997 D2 2 26 19 2 5 43 34 40
1998 D1 9 26 10 2 14 36 55 32
1999 D1 9 26 9 2 15 39 46 29
2000 D1 9 26 8 8 10 38 44 32
2001 D1 10 26 9 2 15 35 48 29
2002 D1 13 26 6 6 14 32 49 24
2003 D2 12 30 8 11 11 34 39 35
2004 D2 10 30 11 5 14 48 47 38
2005 D2 3 30 17 7 6 54 30 58
2006 D2 8 30 11 7 12 61 46 40
2007 D2 5 30 15 8 7 46 37 53
2008 D2 9 30 9 12 9 63 54 39
2009 D2 7 30 12 5 13 47 53 41
2010 D2 15 28 7 5 16 32 56 26
2011 D3 10 26 11 5 10 58 56 38
2012 D3 10 26 8 6 12 42 46 30

Grønt markerer opprykk, medan raudt er nedrykk. D1 = Tippeliga, D2 = Adeccoliga, D3 = 2.div.

RivaliseringEndra

Moss FK sin største rival er Fredrikstad Fotballklubb – ingen kampar engasjerer mossingane i større grad enn desse lokalderbya. Moss FKs publikumsrekord i moderne tid kom nettopp mot Fredrikstad, den 23. oktober 2003. 10 085 tilskodarar såg heimelaget vinne 1-0 etter scoring av Vidar Martinsen.

KlubbrekordarEndra

Flest kampar og målEndra

Geir Henæs har med sine 569 klubbkampar rekorden for talet på spelte kampar for klubben, fordelt på 227 i toppserien, og 342 i divisjonen under. Han er òg den spelaren som har scora flest toppseriemål for klubben med sine 87 fulltreffarar mellom 1977–1988. Avskjedskampen hans var mot Real Madrid på Melløs i serievinnar-cupen i 1988.

Siger og tapEndra

13-0 sigeren mot IL Flint i cupen 1981 er den største sigeren til klubben nokonsinne. Klubbens største bortesiger i cupen er 10-0 mot Kongsvinger ILGjemselund stadion i 1976. I ligasammenheng er den største heimesigeren 7-0 mot Steinkjer FK i 1978 og 2011, mens den største bortesigeren i ligasammenheng kom mot SkeidVoldsløkka stadion i 1999 med sluttsifrene 6-0.

Største heimetap er 1-6 mot Bodø/Glimt i 2000, medan 0-8 for Molde i 1996 er det største tapet på bortebane.

TilskodararEndra

Offisielt var 10 085 tilskodarar innanfor portene på Melløs den 23. oktober 2003 då heimelaget tok imot FFK i dåverande 1. divisjon, men hos mange av litt eldre årgang er det nok opprykkskampen mot Odd i 1976 (2-0) som står som «rekordkampen». Teljeapparata braut saman på 9 500. Då stod fleire tusen framleis i kø utanfor, og ein slapp inn publikum utan å ta betalt. Truleg var 12 500 innanfor portane.

EuropacupenEndra

1. runde UEFA-cupen 1980/81Endra

17.9.1980

1.10.1980

1. runde Cupvinnarcupen 1984/85Endra

1. runde Serievinnarcupen 1988/89Endra

Hovudtrenarar etter andre verdskrigenEndra

1947 – 1949

  •   Sten Moe 1947
  •   Nils Eriksen / Gunnar Svendsen 1949-1950

1950 – 1959

  •   Odd Erstad 1951
  •   Johs Aarefjord 1952-1954
  •   Franz Czernisky 1955
  •   Ivan Lauritzen 1956-1957
  •   Egil Kingren 1958
  •   Johs Aarefjord 1958
  •   Carl E. Wang / Georg Tefke 1959

1960 – 1969

  •   Carl E. Wang 1960
  •   Leon Brynildsen 1961-1962
  •   Willy Buer 1963-1964
  •   Gunnar Svendsen 1965
  •   Per Henæs 1966-1967
  •   Stein Otto Solberg 1968
  •   Willem Czerveny 1969
  •   Kjell Karlsen 1969

1970 – 1979

  •   Per Henæs 1970-1973
  •   Hans Jacob Henæs 1974-1975
  •   Per Mosgaard 1976- 1977
  •   Jan Kalnes frå 1977
  •   Per Henæs 1978-1980

1980-1989

1990-1999

2000 – 2009

2010 – 2019

Trenarar og støtteapparat 2013Endra

Kjende spelarar med fortid i Moss FKEndra

BakgrunnsstoffEndra