Einar Bruno Larsen

Einar Bruno Larsen (17. november 193927. juli 2021) var ein norsk fotball- og ishockeyspelar frå Oslo. Både i fotball og ishockey spelte han i løparrekka.

Einar Bruno Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1939
Oslo
Død

27. juli 2021 (81 år)

Idrett ishockey, fotball
Tok del i

Vinter-OL 1964

Utmerkingar

Gullpucken

Karriere

endre

Ishockey

endre

Larsen spelte på Vålerengen sitt ishockeylag i periodane 1959-67 og 1972-75. Han vart noregsmeister sju gongar og seriemeister seks år i rad. I 1963 vart Larsen tildelt gullpucken som årets spelar. Han deltok i 60 VM- og OL-kampar i ishockey, mellom anna under Vinter-OL 1964 i Innsbruck.

Fotball

endre

Larsen debuterte i 1957. Våren 1961 kneip Vålerengen andreplassen i avdeling A av Hovudserien. I bronsefinalen slo laget byrival Lyn 6–4. Høgdepunktet på fotballbana kom då Vålerengen i 1965 gjekk til topps i 1. divisjon, klubbens fyrste store triumf på fotballbana. Med 10 nettkjenningar vart Larsen toppskårar for meisterlaget, som mellom andre bestod av Leif Eriksen, Nils Arne Eggen og Arild Mathisen. Han slutta med fotball då Vålerengen i 1968 enda på sisteplassen i 1. divisjon.

Larsen spelte 3 landskampar for Noreg. Etter 2–1 over IslandUllevål stadion i ein kvalifiseringskamp til Sommar-OL 1960 den 21. august 1959, vart det i mai 1960 tap mot Danmark i København. Den 1. juli 1964 vart han, på Brann stadion i Bergen, matchvinnar då Noreg vann med 3 mål mot Sveits sine 2.

Merittar

endre

Ishockey

endre
  • Noregsmeister: 1960, 1962, 1963, 1965, 1966, 1967 og 1971 med Vålerengen IF
  • Seriemeister: 1962, 1963, 1964, 1965, 1966, 1967 med Vålerengen IF

Fotball

endre
  • Seriemeister: 1965 med Vålerengen IF

Kjelder

endre