Einar Gundersen

norsk fotballspelar

Einar «Jeja» Gundersen (20. september 189629. oktober 1962) var ein norsk fotballspelar frå Skien. Han var ein flink målskyttar, særleg kjent for sin styrke i lufta frå sin posisjon på indre venstre. Gundersen vart 1915-26 fem gongar norsk meister i fotball med Odds Ballklubb.

Klubbspel endre

Gundersen spelte på Odd-laget frå 1914 til 1927, på to avbrot nær. I 1916-sesongen var han Snøgg-spelar og i tida desember 1921 til mai 1922 spelte han for franske Cette. Åra 1915, 1919, 1922, 1924 og 1926 var han med på å vinne noregsmeisterskapen i fortball med Odd. Dei to fyrste triumfane kom mot Kvik frå Halden, sidan var det siger 1922 og finaletap 1923 mot Oslo-laget SK Frigg. Der etter slo Odd Mjøndalen IF med 3–0 i cupfinalen 1924 og Ørn frå Horten med dei same siffera i 1926. I 1928 flytta Gundersen til Tønsberg, der han hadde fått jobb som brannmann. Her var han til 1932 også spelande trenar i Tønsberg Turn.

Landslagsspel endre

Gundersen debuterte på det norske landslaget 17. juni 1917. Nesten på dagen eitt år seinare skåra han eitt av måla då Noreg slo Danmark 3–1 og kunne bokføre landslagets fyrste siger. 1919-sesongen spelte han alle fire kampane då Noreg vart uformell skandinavisk meister gjennom to triumfar mot Sverige og siger over Danmark på heimebane. Sommaren 1920 deltok han i Sommar-OL 1920 i Antwerpen. Der slo Noreg favoritten Storbritannia 3–1, Gundersen skåra to av måla. [1] Fram til 1928 spelte han 33 landskampar og skåra 26 mål. Einast Jørgen Juve og Erling Håland har skåra fleire mål for Noregs landslag for menn.

Merittar endre

  • Norsk cupmeister: 1915, 1919, 1922, 1924 og 1926 med Odd

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre