Einar Hallesby Lunde (fødd 13. mars 1943 i Oslo) er ein norsk kringkastingsmann. Han byrja i 1968 som sommarvikar i NRK Dagsrevyen, der han frå 1970 vart fast nyhetsanker. Frå 1982 til 1986 var Lunde NRKs Afrika-journalist, og var frå 1990 tilbake som nyhendeanker. Lunde studerte ved Concordia College i Moorhead i den amerikanske delstaten Minnesota og ved Universitetet i Oslo (UiO). Allereie i studietiden ved Concordia hadde han eit eige musikkprogram på den lokale studentradioen, og har seinare leidd to TV-aksjonar i NRK, den eine i 1981 og den andre i 1986. Gjennom meiningsmålingar utført av Verdens Gang, Dagbladet og Se og Hør, er Einar Lunde sett på som ein særs troverdig nyhetsopplesar og journalist.

Einar Lunde
2012-06-23 Einar Lunde.jpg
Fødd 13. mars 1943
Oslo
Yrke journalist, nyhetsanker, Korrespondent
Einar Lunde på Commons

I 1986 vart han tildelt Brobyggerprisen og i 2006 fekk han Sjåarprisen.

Over ein toårsperiode frå 1973 til 1975 hadde Lunde permisjon frå NRK og arbeidd som programmedarbeider i Evangeliets røst i Addis Abeba.

Den kjende mediemannen og biskopen Sigurd Lunde (1916 – 2006) var hans far. Den kjende teologiprofessoren og indremisjonsleiaren Ole Hallesby (1879 – 1961) var hans morfar.

Den siste sendinga til Einar Lunde var måndag 27. september 2010. Då gjekk han av med pensjon etter 42 års teneste for NRK.

I sin pensjonisttilvere reiser Lunde mykje rundt i Noreg og leiar konferansar og debattar. Han var sist i nyhendebiletet for å ha løyst ein hyttekonflikt mellom naboar på Grindholmen, ei øy i Sandefjord kommune. Han er no til knytt til seg kommunikasjons- og rådgivningsselskapet First House som assosiert partnar.

BibliografiEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra