Biskopen Sigurd Lunde
Sigurd Lunde (27. april 1916–21. januar 2006) var ein norsk biskop, komponist, forfattar og redaktør som også var kjend frå radio.[1]
Sigurd Lunde | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. april 1916 Stavanger kommune |
Død |
21. januar 2006 (89 år) |
Yrke | prest, redaktør, komponist, journalist, radioprogramleiar, programskaper |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Biskopen Sigurd Lunde på Commons |
Liv og virke
endreEtter at Sigurd Lunde vart ordinert som prest, studerte han journalistikk i USA. I 1942 vart han tilsett i Det norske misjonsselskap, mellom anna som redaktør av vekeavisa Norsk misjonstidende frå 1946. Frå 1952 til 1966 arbeidde han med religiøse program i NRK og starta radioprogrammet Salmer til alle tider. I 1976 vart Lunde utnemnd til biskop i Stavanger, der han var fram til han nådde pensjonsalderen i 1986. Lunde var elles blant anna medlem av Organisasjonane Song- og Melodibok-komiteane frå 1946 til 1955, og av Liturgikommisjonen, der han arbeidde med ei ny kyrkjesalmebok, frå 1972.
Lunde døydde 21. januar 2006, 89 år gammal. Han var far til NRK-journalisten Einar Lunde.
Kjelder
endre- ↑ Sigurd Lunde; snl.no
- Denne artikkelen bygger på «Sigurd Lunde (biskop)» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2018.