Einar Nyheim

norsk politikar

Einar Nyheim (7. august 192920. februar 1986) var ein norsk industriarbeidar og politikar frå Lavik i Sogn og Fjordane. Han representerte Hordaland og Sosialistisk ValforbundStortinget i perioden 1973-77.

Einar Nyheim
Fødd7. august 1929
Lavik kommune
Død20. februar 1986 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Nyheim var son til ein landhandlar. Sjølv var han sjømann i åra 1946-49. Frå 1950 arbeidde han ved smelteverket i Årdal fram til 1960. Han flytta då til Bergen der han 1960-64 var tilsett i industriproduksjonen ved Jørgen S. Lien. Perioden 1964-73 arbeidde han ved Bergens mek. Verksted.

Hausten 1973 vart Nyheim vald inn på Stortinget frå Hordaland og for Sosialistisk Valforbund, den politiske organisasjonen som seinare fekk namnet Sosialistisk Venstreparti. Den neste fireårsperioden hadde han sete i Administrasjonskomiteen. Ved årsmøtet 1977 i Sosialistisk Venstreparti fekk han plass i hovudstyret for partiet, måtte vike plass allereie i 1979.

Etter åra på Stortinget slo Nyheim seg til hovudstaden, då som industriarbeidar ved Jøtul. Stortingsperioden 1981-85 var han vararepresentant frå Oslo. Frå 1983 var han fagleg leiar i Sosialistisk Venstreparti til han døydde i 1986.

Kjelder endre