Einar Sagli (fødd 30. september 1958) er ein norsk politimann og tidlegare friidrettsutøvar som tevla i sprint og i lengdehopp. I tida 1982-88 vann han ti gullmedaljar i norske meisterskap, fordelt på fire i lengdehopp, tre på 200 m og like mange på 100 m. Han var i 1981 medlem i Oslo Politis IL, sidan representerte han IK Tjalve.

Einar Sagli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. september 1958 (65 år)
Oslo
Idrett friidrett, sprint, Lengdehopp
Utmerkingar

Kongepokal

Aktiv endre

Sagli byrja tevla i friidrett fyrst i vaksen alder. Han tok steget opp mot noregstoppen i 1981-sesongen med eit hopp på 7,40 m. Dei to neste sesongane, 1982 og -83, vart han norsk meister i lengdehopp og stod med høvesvis 7,57 m og 7,54 m, årsbeste i lengde i Noreg begge åra.

I åra frå 1984 til -88 var Sagli i tetsjiktet i Noreg både i lengdehopp og på sprintdistansane 100 m og 200 m. Han vart norsk meister på 200 m i 1984 med personleg rekord 21,40 sekundar. Den 14. juli same sesongen persa han med 7,73 m i lengde i Grimstad, ein personleg rekord han var nær ved å forbetre både i 1985 med 7,72 m, og i 1986 då han atter vart målt til 7,73 m, under eit stemne i Avila. Under NM 1985 i Bærum vann han både 100 m, 200 m og lengdetevlinga, i lengde hoppa han heile 7,90 m i kraftig medvind, men vart tildelt kongepokalen for prestasjonen.

Gjennom 1986-sesongen var Sagli på sitt sprekaste. Den 20. mai vart tredjemann på 100 m på Bislett stadion i Oslo, tida 10,51 vart ståande som hans personlege rekord på distansen. Han imponerte meir då han 21. juni vann 200 m i eit stemne i Luzern og vart klokka inn på 20,95 sekundar, hans livs snøggaste 200-meter.

Etter 1988-sesongen trappa Sagli ned treninga og presterte jamt over på eit stadig lågare niva, men var likevel i stand til å vinne NM-medaljar i lengdehopp. Han la opp i 1993.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1982: Gullmedalje i lengdehopp – 7,56 m, framom Finn Bendixen (7,45 m)
  • 1983: Gullmedalje i lengdehopp – 7,56 m, framom Frode S. Johannessen (7,39 m)
  • 1984: Gullmedalje på 200 m – 21,40, framom Tore Bergan (21,65)
  • 1985: Gullmedaljar på 100 m – 11,03, 200 m – 21,88, og i lengdehopp – 7,90 m/kongepokal
  • 1986: Gullmedaljar på 100 m – 10,71 og 200 m – 21,19
  • 1988: Gullmedaljar på 100 m – 10,58, og i lengdehopp – 7,40 m
  • 1990: Sølvmedalje i lengdehopp – 7,18 m, bak Morten Næss (7,48 m)
  • 1992: Bronsemedalje i lengdehopp – 7,19 m

Kjelder endre