Einar Sigurdsson, òg kalla Einar Vrangmunn (Einarr rangmunnr Sigurðarson), fødd på slutten av 900-talet og død omkring 1020, var jarl på Orknøyane saman med brørne Sumarlide og Bruse.

Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Familie endre

Einar er nemnt i Orknøyingasoga[1] og i dei norrøne kongesogene, i Soga om Olav den heilage[2]. Han var son til Sigurd Lodvesson jarl (Sigurd Digre) og det er ikkje opplyst noko om kven som var mor hans. Han hadde to brør, Sumarlide og Bruse og ein reknar med at dei hadde sams mor. Truleg så seint som i 1007 vart Sigurd jarl gift med dotter til den skotske kongen Malcolm II[3], og ho var mor til Einar sin tredje bror, halvbroren Torfinn.

Liv og lagnad endre

Orknøyingsoga fortel at etter at Sigurd Lodvesson fall i slaget ved Clontarf i 1014, vart Einar jarl over Orknøyane saman med dei to brørne sine, og dei delte då riket i «tridjungar»[Note 1]. Halvbror deira, Torfinn, var då særs ung, kanskje berre fem år gamal, og han var blitt send til fostring hjå morfar sin, kong Malcolm 2.

Sogene skildrar Einar som stridlynt og maktsjuk, men han var ein stor hærmann og låg mykje ute i hærferd om sumrane. Han var ein stor uvyrding og la store krav om tenester og utreidsler på bøndene. Det var naud-år der han styrte og mange rømde frå riket hans. Einar herja ofte på kystane av Skottland, Irland og Wales, og kanskje hadde han til hensikt å vinne attende noko av det riket far hans hadde rådd over.

Ein gong i åra 1017 eller 1018 fekk han eit avgjerande nederlag ved Larne Lough[Note 2] i strid mot ein irsk konge som sogene kallar Konofogor. Irane fekk då hjelp av ein norsk styrke under leiing av vikinghovdingen Øyvind Urarhorn[4]. Einar jarl la skulda for nederlaget på Øyvind. Sumaren etter kom han over Øivind som hadde søkt naudhamn på Orknøyane, og Einar let mennene sine drepe han. Øyvind Urarhorn var ein nær ven av kong Olav Haraldsson i Noreg, og sogene fortel at kong Olav likte dette ille og at drapet var ein stor mannskade og mykje imot hans vilje.

Etter at Sumarlide døydde, truleg ein gong i åra 1016-1018, vart det stor usemje mellom brørne om delinga av riket. Orknøyingasoga fortel at Einar jarl kravde parten som Sumarlide hadde hatt og «la under seg to lutar av øyane». Torfinn jarl kravde å få noko av riket på øyane, men Einar meinte at han alt hadde fått meir enn ein tredjepart av av faren sitt opphavelege rike og ville ikkje unne Torfinn noko skifte. Det vart nære på krig mellom dei to brørne, men broren Bruse jarl gjekk i mellom og fekk i stand ei fredeleg semje.

 
Utsikt mot Skaill, Deerness, på austkysten av Mainland, det som ein reknar med var Torkjell Fostre sin gard, Hlaupandanes[5], og truleg der Einar jarl vart drepen.

Ein ny mann, Torkjell Åmundesson frå Sandvik på Rossøy, kom til å spele ein viktig rolle i tilhøvet mellom brørne. Han kom i usemje med Einar jarl og reiste i eksil til Katanes og fekk opphald hjå Torfinn jarl. Der skal han ha blitt fosterfar til Torfinn og vart kalla Torkjell Fostre. Dei var begge på vitjing hos kong Olav i Noreg og vart vel tekne i mot der. Seinare kom det til eit forlik mellom Einar jarl og Torkjell Fostre, men det enda likevel med at Torkjell drap Einar jarl i eit bakhald. Drapet skjedde omkring år 1020 og ifølgje Orkneyingasoga skjedde drapet etter eit gjestebod hos Torkjell og var det «ingen som kom seg til å hemne drapet».

Einar Sigurdsson var ikkje gift og det er ikkje kjent at han hadde born etter seg.

Ettermæle endre

Konfliktene mellom Torfinn jarl og Einar jarl og relasjonane til kong Olav Haraldsson i Noreg er nokså detaljert skildra i sogene, og må reknast som særs usikre. Sogeskrivarane sitt sedvanlege ynskje om å framheve kong Olav som riksbyggar, er i denne samanhengen knappast truverdig. Med truslar og intriger freista han kanskje i åra omkring 1020 å påverke maktstriden mellom orknøyjarlane, til sin fordel, men det er vanskeleg å sjå at den norske kongen på denne tida fekk reell makt og rådvelde over Orknøyane. Den eldste kjelda som gir oss konkret opplysning om norsk herredøme over Orknøyane, er Beretningen om Hamburg stift av Adam av Bremen, der det i tredje bok, kapittel 17, blir sagt at kong Harald Hardråde la under seg øyane på hærferda i 1066.

Sogene skildrar Einar jarl som ein hardstyrar og legg vekt på at han var den konfliktskapande i relasjon til både bøndene og brørne. Men det er ikkje tvil om at sogeforfattarane gjerne ville gi heltestatus til dei to motstandarane hans: kongen Olav den Heilage og jarlen Torfinn Sigurdsson. Dei to var, kvar på sitt vis, forkjemparar for kristendommen, og då måtte Einar jarl, krigaren og heidningen, bli skildra i eit mest mogeleg negativt lys.

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Sigurd Lodvesson Einar Sigurdsson Samstyre:
Sumarlide Sigurdsson
Bruse Sigurdsson
Torfinn Sigurdsson
-

Notar endre

  1. Det ser ut til at det store riket som Sigurd Lodvesson hadde rådd over, fall saman då han døydde, og dei tre eldste sønene hans rådde berre over det opphavelege øyriket, Orknøyane og Shetland. Områda på fastlandet i Skottland (Caithness og Sutherland) vart lagt under ungguten Torfinn Sigurdsson, men no med det skotske kongen (morfaren) som overherre.
  2. Larne Lough er ein innsjø i regionen Antrim i Nord-Irland.

Referansar endre

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no (S. Schjött 1900)
  3. Malcolm II Scottish monarks
  4. Norsk biografisk leksikon Eyvind Urarhorn, Bind 3 side 637 (1926)
  5. Archaeological Notes the halls of Amundi and Thorkell

Bakgrunnsstoff endre