61°59′44″N 04°59′06″E / 61.99556°N 4.98500°E / 61.99556; 4.98500

Einevarden

Einevarden er det fuglefjellet i Noreg som ligg lengst mot sør. Fjellet ligg vest for øya Vågsøy, Kinn kommune i Vestland. Tidlegare hekka tusenvis av sjøfuglar der, og det var til tider så mange fuglar at dei skugga for sollyset. Einevarden er 70 meter høg. Før i tida klatra folk opp og plukka egg. Eggplukking er det no forbod mot og fuglelivet er freda.