Eininga matskei
Matskei er ei måleining for volum, nytta innan matlaging. Eininga er ikkje ei SI-eining og har symbolet ss. Ei matskei er definert som 15 milliliter (15 ml).
Når ein skal måle opp ei matskei er det stundom viktig å bruke eit mål som nøyaktig angjev femten milliliter framfor å bruke ei tilfeldig matskei.
1 matskei er lik:
- 15 kryddermål
- 3 teskeier
- 11⁄2 (1,5) barneskeier
- 1⁄10 kaffikopp
- 15⁄250 (0,06) tekopp
Og motsett:
- 1 kryddermål = 1⁄15 matskei
- 1 teskje = 1⁄3 matskei
- 1 barneskje = 2⁄3 (0,67) matskei
- 1 kaffikopp = 10 matskei
- 1 tekopp = 162⁄3 matskei
1 matskei er, i SI-eininga liter, lik:
- 15 milliliter
- 1,5 centiliter
- 0,15 desiliter
- 0,015 liter
Og motsett:
- 1 milliliter = 0,0666… matskei
- 1 centiliter = 0,666… matskei
- 1 desiliter = 6,66… matskei
- 1 lit = 66,6… matskei