Røntgen er ein måleining for eksposisjon ved røntgen- og gammastråling med symbol R. 1 R er lik 2,58 coulomb/kg. Opphavleg var 1 R definert som den mengda røntgen- eller gammastråling som frigjer ion med ladning lik ein elektrostatisk CGS-eining per kg tørr luft. Eininga inngår ikkje i SI-systemet. Den internasjonale kommisjonen for strålingseiningar og -målingar (ICRU) tilrådde i 1985 å nytte SI-eininga gray. Ein eksposisjon på 1 R tilsvarar ein absorbert dose på ca. 9 milligray.

Kjelder endre