Eizo Kenmotsu
Eizō Kenmotsu (fødd 13. februar 1948) er ein japansk tidlegare turnar som vart verdsmeister i mangekamp i 1970.
Eizo Kenmotsu | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 13. februar 1948 (76 år) Okayama prefektur, Kurashiki |
Idrett | turn |
Tok del i | gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's pommel horse |
Utmerkingar | Æresmedalje med lilla band |
Kariere
endreKenmotsu vann gullmedalje med Japan i lagtevlinga under Sommar-OL 1968, Turn-VM 1970, Sommar-OL 1972 og Turn-VM 1974. I 1970 vann han mangekampen og svingstang-øvinga ved verdsmeisterskapen i Ljubljana. To år seinare, då dei olympiske sommarleikane vart avvikla i München, vart Kenmotsu andremann i mangekampen. I Turn-VM 1974 vart han tredjemann i mangekampen og tok han gull i skranke. Sidan fekk han med seg to sølvmedaljar frå Sommar-OL 1976 og like mange frå Turn-VM 1978. I sin siste internasjonale meisterskap, Turn-VM 1979, måtte Kenmotsu nøye seg den sølvmedaljen han fekk i lagtevlinga.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eizo Kenmotsu» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2022.