Ekebergrestauranten
59°53′57.214″N 10°45′42.152″E / 59.89922611°N 10.76170889°E
Ekebergrestauranten er ein restaurant i Oslo, i Ekebergskråningen på austsida av byen. Den første restaurantbygningen vart reist i 1916, og var ein trebygning som tidlegare hadde vore Tiedemanns Tobaksfabriks paviljong på Jubileumsutstillingen i 1914. Han vart gjeve til kommunen og oppført her.
Den gamle bygningen vart riven da den nåverande restauranten vart oppført, dette er den eldste bevarte funksjonalistiske bygningen i Noreg, og er teikna i 1927–29 av arkitekt Lars Backer. Bygningen har to etasjar med målte betongfasader og store vindauge. Han ligg med terrassar, murar og trapper i ei vestvendt skråning med utsyn over byen. Restauranten var i fleire år ein populær dansestad som vart driven i regi av Oslo Folkerestauranter.
Bygningen har hatt skiftande eigarar og drifta vart lagt ned i 1997. Ei indre rivning som vart sett i gang i 1998 vart stansa av Oslo kommune, og i fleire år stod bygningen og forfall. Bygningen vart freda i 2001, kjøpt av Christian Ringnes og Eiendomsspar saman med restauratør Bjørn Tore Furset. Etter ei restaurering vart restauranten opna på nytt i 2005.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Ekebergrestauranten». Store Norske Leksikon. Henta 4. september 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Ekebergrestauranten i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ekebergrestauranten.no Arkivert 2014-03-31 ved Wayback Machine. - Offisiell heimeside