Ekibastus
Ekibastuz (kasakhisk Екібастұз) er ein by nordaust i Kasakhstan i Pavlodar oblast med om lag 130 000 innbyggjarar.
Ekibastus | ||
---|---|---|
Kraftverket i Ekibastus | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land Oblast |
Kasakhstan Pavlodar oblast | |
Grunnlagd | 1948 | |
Akim | Nurlan Nabijev | |
Geografi | ||
Flatevidd | 188 km² | |
Innbyggjarar - By (1999) |
127 200 | |
Koordinatar | 51°40′N 75°22′E / 51.667°N 75.367°E | |
Tidssone | BTT (UTC+6) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 141200 — 141209 | |
Telefon-retningsnummer | +7 71835 | |
Heimeside: http://akim.ekibastuz.kz/ | ||
Plassering | ||
Plasseringa i Kasakhstan |
Nær Ekibastus ligg det to kolkraftverk, GRES-1 og GRES-2, bygd under sovjettida. GRES-2 har den høgaste skorsteinen i verda med ei høgd på 419,7 meter.
Historie
endreEkibastus har opphavet sitt på 1800-talet då Kosym Psjembajev, ein kasakhstanar frå området, fekk i oppgåve av russiske handelsmenn å leite etter mineralressursar i området. Han fann eit stort kolfelt og markerte staden med to store klumpar med salt. Dette er opphavet til namnet til staden sidan Ekibastuz tyder «to klumpar med salt» på kasakhisk. Feltet vart raskt utbygd med gruver. Landsbyen som etter kvart dukka opp vart tilknytt jernbanesambandet i 1899.
Både den russiske revolusjonen i 1917 og dei to verdskrigane gjorde at landsbyen vart heilt forlate og først i 1948 byrja ein igjen å vinne ut kol i gruvene, og produksjonen tok seg kraftig opp. Berre i løpet av eitt år frå slutten av 1954 vart det vunne ut ein million tonn med kol.
Eksibastuz fekk bystatus 12. juli 1957. På denne tida hadde byen om lag 25 000 innbyggjarar.
I dag er Ekibastuz det største koldagbrotet i verda i det som er eit av dei største kolfelta i verda. Det inneheld framleis meir enn 13 milliardar tonn kol i eit område på 62 km². Altså er det her 74 millionar tonn kol per kvadratkilometer.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Ekibastus» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2008.