Eksperimentell rock

Eksperimentell rock (eller avant-rock) er ein undersjanger innan rock[2] som pressar grensene mellom vanlege komposisjonar og framføringsteknikkar[11] eller som eksperimenterer med grunnleggjande element i sjangeren.[12] Artistar har som mål å frigjere eller nyskape og somme særpreg i sjangeren er improvisasjon, avantgardistiske element, rar instrumentering, utydelege tekstar (eller instrumentalar), uortodokse strukturar og rytmar, og ei underliggjande avvising av kommersielle mål.[3]

Frå starten av har rocken vore eksperimentell, men det var først seint i 1960-åra at rockeartistar byrja å skape lange og komplekse komposisjonar gjennom bruk av fleirsporsinnspeling. I 1967 var sjangeren like kommersiell som popen var, men i 1970 had dei fleste leiande musikarane gjort seg sjølv udyktig på eit eller anna vis. I Tyskland utvikla krautrock seg som ein undersjanger med element av improvisasjon og psykedelisk rock blanda med avantgarde og moderne klassisk musikk. Seinare i 1970-åra vart det mykje kryssing av sjangrar samstundes med utviklinga av punk og new wave, gjer det sjølv-eksperimentering og elektronisk musikk. Funk, jazzrock og fusion-rytmar vart òg integrert i eksperimentell rock.

Den første bølgja med eksperimentelle rockegrupper i 1980-åra hadde få direkte føregangarar for stilen sin. Seinare i tiåret gjekk avant-rocken meir mot ein psykedelisk estetikk som skilde seg frå den sjølvmedvitne og aktsame stilen til tidlegare post-punk. I 1990-åra vart ei lausare rørsle kjend som post-rock den dominerande forma for eksperimentell rock. Fram mot 2010-åra har omgrepet «eksperimentell rock» falle bort, sidan mange moderne rock heller vert kategoriserte under forstavingar som «post-», «kraut-», «psych-» og «støy-».

Kjelder endre

  1. «EXPERIMENTAL ROCK (AVANT-ROCK)». The Independent. Henta 16. februar 2016. 
  2. 2,0 2,1 Rosenberg 2009, s. 179.
  3. 3,0 3,1 «Experimental Rock». AllMusic. Henta 16. februar 2016. 
  4. «Pop/Rock » Art-Rock/Experimental » Prog-Rock». AllMusic. 
  5. Morse 2009, s. 144.
  6. Savage, Jon. «Elektronische musik: a guide to krautrock». The Guardian. Henta 14. juni 2016. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Osborn, Brad (October 2011). «Understanding Through-Composition in Post-Rock, Math-Metal, and other Post-Millennial Rock Genres*». Music Theory Online 17 (3). 
  8. Lawrence 2009, s. 344.
  9. «Post-Rock». AllMusic. 
  10. The Editors of Encyclopædia Britannica (n.d.). «Post-rock». Encyclopædia Britannica. 
  11. Bogdanov 2001, s. 10.
  12. Martin 1998, s. 93.